søndag, august 18, 2019

Dagbok 2019: 18.august

Klokka er17.00, Temperaturen ute er + 19 grader C, det er overskya, og det blæs litt. Eg har to plommetre fulle av plommer , så eg håper ikkje vinden veltar dei. I fjor tok vinden tak i det gamle Rivers Early -treet og velta det over, året før fór det finaste Opaltreet. No har eg to Opal-tre og det eine har berre liv i halve stammen. Derfor ønsker eg ikkje så mykje vind. Eg har vore ute og rista litt i trea, for å få dei modne plommene til å dette ned. Greinene treng å bli letta.
I dag har det ikkje hendt så mykje. eg har vore her åleine heile dagen.
Det første eg gjorde var å shine opp kjøkken og bad og vaske golva. Det blei liksom ikkje tid til det i går. Elles har eg ikkje gjort så mykje, anna enn å lese ut ei bok. Eg saknar veldig å gripe til strikketøyet + radio eller TV i ledige stunder. Men eg kan berre ikkje trigge armen min. Eg får vere glad for at eg kan gjere såpass som eg kan.
Komande veke har eg diverse avtalar. I morgon , måndag, er det styremøte i pensjonistlaget klokka 12.00 på biblioteket. Tysdag er det trening klokka 10 og frisør klokka 14. Håret mitt har ikkje vore i kontakt med frisør sidan mai månad-så det er på tide.
Elles har eg ikkje så mange planar, men eg har eit lite problem. Eg må skaffe ein rørleggar til å kople på oppvaskmaskina i kjellaren. Eg kjenner ingen rørleggarar, men dei finst vel? Etter kvart som tida går og eg er her åleine, ser eg at det dukkar opp nokså mykje som eg ikkje klarer sjølv. Heldigvis har eg mange gode hjelparar-men somme gonger trengst det fagfolk.
Eg er ikkje sikker på om Marit er komen heim enno, men ho skulle kome i dag. Lollo kom no og fekk frokost her hos meg i dag.
Eg har ikkje laga meg middag enno i dag, men inntil vidare er eg nokså mett av plommer.
No må eg ta ein spanskleksjon, og så har eg eit treningsopplegg for armen.
I morgon er det vel skulestart for elevane. Og så er det fødselsdagen til Mette Marit. To grunnar for å heise flagget ved skulen, slik vi gjorde i mi tid også.

Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 23.april

  Eg har ein plass på maskina der eg kan finne "gamle" bilde. Dette er ei av rosene mine, Leonardo da Vinci, trur eg. Eg har lese ...