tirsdag, august 13, 2019

Dagbok 2019: 13.august

Klokka er no 17.50, temperaturen er + 13 grader C, og i dag har det vore tett mellom regnbygene.
Eg vakna tidleg i dag, altfor tidleg, sidan eg skulle ut og farte. Det er ein uvane eg har, at eg ikkje får sove så godt, same kor lite det er eg har på programmet.
Eg for heimanfrå vel 9.30, men då hadde eg i tillegg til vanleg morgonrutine, løyst sudokuen og lese avisa. Marit og eg for ikkje i lag i dag, sidan eg tjuvstarta og så skulle eg til legen etterpå.
Vi har det kjekt på trening, det er Marit og eg + andre på nokolunde same alder, og dei fleste kjenner vi frå før. Anne Elisabeth, fysioterapeuten, er heller ingen ungdom, men lett på foten og kvikk på alle måtar. Eg har gått hos henne eit par gongar før, så vi er gamle kjende.
Etter vel ein time med trening, køyrde eg opp til legesenteret, det er ikkje lange stubben. Der måtte eg vente ei stund, men så var eg også litt for tidleg ute.
Legen min skifta hofte tidleg i år, om lag på same tid som eg var dårleg i kneet. Det var derfor eg skulle til henne no, for å snakke om kneet, om tablettar etc. Så det var ikkje noko alvorleg. Ho målte blodtrykket, og det var fint, og så var eg innom laboratoriet og tok blodprøve. Det gjer eg for å teste om tablettar som eg tek gjer skade på "innvollane", prøvene eg tok sist vår var heilt fine. Ikkje så skummelt å gå til lege når ein er såpass frisk. 
Eg spurde henne også ut om førerkortet, eg visste det var endringar der. Men den einaste endringa er at før skulle ein ha legeattest når ein vart 75 år, det er utsett til 80. Så eg må altså fornye til våren igjen.
Eg handla litt på Kiwi på heimvegen, for eg var blitt svolten igjen etter alt styret.
Etter at eg hadde ete, seig eg ned i godstolen framfor TV-en og sat der og halvsov gjennom eit par program før eg henta boka mi og begynte å lese.
Eg har elles vatna blomster hos naboen, og vore nede i hagen og funne meg eit par plommer. Ja, viss dei vert modne alle som heng på treet, må eg vel til å "selje".
Linda reiste tilbake i lag med faren i går, men dei kjem visst att begge to på torsdag.
I dag har eg ikkje tatt spanskleksa mi, men rekk det vel før Nyheitene. Eg synest det er morsomt med dei politiske diskusjonane-berre det ikkje blir altfor mykje. Eg har tatt Valgomaten for Ørsta, og resultatet samsvarar med det partiet eg stemmer på -og er medlem i.

Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 25.april i dag.

 Bilde frå turen min i dag- På det øvste bildet ser vi gjengen som har tatt ned masse ore-skog og rydda fint opp. I dag hadde dei ei maskin ...