Klokka er snart 18.00, temperaturen er + 23 grader, det er overskya opphaldsvêr og stilt. Det er varmt!
Seint i går kveld vart det ein voldsom lyd ute - det var ei regnbyge - og det kom mykje regn på ei lita stund. Eg trudde at no fekk gras og andre plantar nok å drikke, men no i dag var det like tørt som før. Det er så lummert ute at eg trur vi får meir regn og kanskje torevêr i løpet av kvelden.
Dagen i dag vart ein skikkeleg lopradag for meg. Eg har gjort lite og ingen ting. Eg rakk ikkje å lese ut boka mi i går kveld, så den las eg ferdig på føremiddagen i dag.
Marit er åleine heime i helga, så eg sat oppe på platten med henne og prata litt, før eg vatna blomstar hos ein annan nabo. Spansktimen hoppar eg aldri over.
Eg hadde tenkt meg stad og handle litt, kanskje ein tur på Plantasjen.
Det vart til at eg køyrde i dag, så Marit og eg handla på Spar. Etterpå tok vi ein tur på gravplassen for å sjå om vi trong å vatne. Når vi er der går vi litt rundt og ser på gravsteinane og minnest dei vi har kjent, det blir mange etter kvart.
Etterpå sette vi oss på ein benk utanfor muren og der vart vi sittande både vel og lenge og prata om alt mellom himmel og jord. Merkeleg nok vert vi aldri tome for stoff. Det var så fin temperatur-utan sol. På heimvegen planla vi andre turar som vi kan ta i nærområdet-vi må vel vere om oss mens vêret er bra.
Eg har nettopp hengt ut ein klesvask, og meir er på gang.
Eg gløymde å seie "God helg" i går, men kan no ønske det beste for resten av helga.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Dagbok 2025: 7.januar
Fonnavegen Klokka er no 18.20, temperaturen ute er minus 4 grader C "Kaldt ver " står det på PC-en . Ja, det er vel litt kaldt, me...
-
No har vi rikelig makrell til oss sjølve, enda om diverse naboar har fått sitt. Makrellen kan vi steike, men best likar vi den kald, kokt me...
-
Klokka er no16.42, temperaturen ute er +24 grader, Det har vore ein fin dag, og den vart finare etter kvart. Bildet over tok eg på føremidda...
-
Klokka er no17.14, temperaturen ute er + 16 grader,det er mest overskya men opplett og fint ver å gå tur i. Eg kom nettopp att frå ein tur p...
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar