mandag, juli 01, 2019

Dagbok 2019: 1.juli

Rasmus camperer i Starevegen- i Tyskland.

Klokka er 18.35, temperaturen er + 12 grader C og det har regna meir og mindre i heile dag, men som vanleg vert det litt lettare mot kveld. Marit og eg kom nettopp att frå ein handlerunde, eg må passe på at bilen ikkje blir ståande for lenge i ro.
Vi var på apoteket og på Spar blant anna. Vi synest det er kjekt å fare i lag å handle.
Ikkje før er føtene blitt betre, såpass eg kan gå skapleg, så dukkar noko anna opp. Ja, dukkar og dukkar, eg har no lenge hatt trøbbel med høgre arm og skulder, men no er det blitt verre. Verst er det når eg er i ro, men heller ikkje så godt å strikke. Eg skal strikke ferdig lesten eg held på med, men då kan det bli ei pause.
I dag skulle eg eigentleg ha klipt plen, men eg trur det blir ei stund til eg kan gjere det, for det er meldt regn heile veka. Graset veks godt no, og mosen blir mjuk og god av alt vatnet. Ja, det hjelper ikkje å ergre seg, vêret kan vi ikkje gjere noko med.
Eg er kvar dag oppteken av at eg skal gjere litt gagns arbeid. I dag fann eg ut at eg kunne vaske og rydde i dekketøyskapa på stova. Der er fleire servise som nesten aldri er i bruk. Dei som har vore ubrukte lenge, vaska eg for hand før eg sette dei på plass igjen. Så kom eg på den geniale ideen at eg kunne bake brød. No ligg det tre store brød på benken, og eg ser fram til å smake på det eine i kveld.
Elles har eg hatt litt andre oppgåver; eg ringde til Tussa og fekk kjellarmålaren over på meg -til Linda flyttar inn. Eg var inne på nettet, men ville helst snakke med eit menneske og då kunne eg berre ringe. Litt seinare fekk eg krav på NRK-lisensen, og betalte den med ein gong, så eg ikkje skulle gløyme det.Innimellom andre gjeremål har eg øvd på spansken, strikka og høyrt lydbok.
Margrete & Co er komne heim, eg trur dei treng eit par kviledagar etter ein nokså strabasiøs tur. Rasmus og fam. er på campingtur i Tyskland, dei badar og kosar seg i Starenweg. Solveig har fått ei sykje-håper ho blir feisk snart.
No skal eg inn i stova og sette på TV-en.

Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 5.mai

Klokka er no 18.13, temperaturen ute r + 13 grader C. Det har vore sol og fint i heile dag, men ikkje så varmt som i går. Eg vakna tidleg i ...