fredag, juni 07, 2019

Dagbok 2019: 7.juni

Klokka er 16.50, temperaturen er + 22 grader C, det er sol og litt vind. Eg har lege ei stund på solsenga og lese ferdig boka mi, men no ser eg at eg bør reinske ugras i "bringebæråkeren".
Eg var veldig aktiv tidleg på dag. Rett etter frokost begynte eg å vaske, så bad og kjøkken var oppshina før klokka 10.
Då reiste Marit og eg bort i Furene for å handle. Først var vi på Felleskjøpet der Marit fann seg fine blomster, mens eg kjøpte vaskepulver og toalettpapir. Vil ikkje kjøpe så mykje blomster no når dei skal til å male.
Eg stakk innom El-kjøp og hamstra kaffi, mens Marit tjuvstarta på Coop. Eg handla også diverse matvarer der.
På heimvegen stakk vi innom Amfi og apoteket der. Det regna litt då vi for heiman frå, men etter kvart vart vêret fint og varmt.
Ei stund etter at eg var heime, laga eg eg meg litt mat før eg inntok solsenga. Eg synest det er greitt å jobbe morgon og kveld når vêret er slik som no. Eg har jobba veldig mykje i hagen dei siste åra, og eg har forenkla ein del. Eg synest hagearbeid er kjekt, men det må ikkje ta all tida mi. No skal eg få nokon til å montere kantklipparen min, så eg får finpusse ute. Og neste veke vil visst Einar og Håkon ta å male litt. Her er nok å gjere.
Og så har det gått opp for meg at det er pinse no til helga, utan at eg har nokon plan for høgtida. Men eg finn no sikkert på noko.
Kofta som eg fekk garn og mønster til av Solveig, til bursdagen min, er no komen til siste innsatsen; eg har fått bol og ermar inn på samme pinne og kan starte mønsterstrikkinga når som helst. Helst i dagslys. Sidan det atter ein gong er blitt fredag vil eg ønske alle god helg, og god pinse!

Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 21.desember

 Klokka er no 17.55, temperaturen ute er +5 graderC ogdet regnar, og PC-en spår om enda meir regn, greitt nok for meg, regnet slepp vi å mok...