torsdag, mai 02, 2019

Dagbpk 2019: 2.mai

Alle bilda på sida blei takk i dag ca.kl. 13.30




Klokka er no 16.40, det er + 8 grader C og sola skin. Elles har vi hatt eit forunderleg vêr i dag, det har snøa og hagla så det har lagt kvitt overalt ei stund, men så har sola vore innom og smelta. Eg veit ikkje korleis det kan vere å køyre med sommardekk slike dagar, men eg har ikkje vore lenger enn ut på tunet-det har ikkje vore aktuelt med biltur.
Det vart heller ikkje aktuelt med hagearbeid, ikkje mykje ein kan gjere til og frå. Plommetrea er avblomstra og no står epletreet i full flor. Rabarbraen har fått seg ein knekk, men den kjem att. Eg kjenner eg får lyst å gjødsle, men eg må vente til siste snødagen med det, har eg funne ut. Og kva tid blir det? Vêrmeldinga melder om snø langt fram i tid. Eg er i alle fall glad for at eg klipte plenen tysdags kvelden.
Det har ikkje blitt gjort mykje inne i finevêrsperioden, så i dag prøvde eg å komme a jour . Eg vaska vinduskarmar, tørka støv og støvsuga på stova, litt grundigare enn vanleg. Så støvsuga eg dei andre teppegolva. Det går smått med meg, her eg går og haltar. Kvilepausar hadde eg også-då las eg på spanskleksa. Sånn var det ikkje før, då var det full fart med alt til eg vart ferdig. 
Eg laga meg litt middag, og etter eg hadde ete vart det strikkepause med radio. Då høyrde eg Einar.
No har eg stroke ein haug med klede og vaska og rydda eit skap på kjøkkenet; ei skap eller ei skuffe no og då-slik er det no. Eg er veldig irritert på føtene mine som gjer alt så tungvint!
I dag fyller "mellombror" på Kongsberg 13 år, men eg har ikkje høyrt frå dei enno. Han har kanskje selskap for det eg veit. Vebjørn er ein artig og sprek kar. Han spelar basket med stor iver. Det er så altfor sjeldan eg ser dei -det er langt til Kongsberg !

Vebjørn på 13-årsdagen.


2.mai 1973 grov dei tomta vår her på Vallabøen.Ungane og eg sykla frå Engeset for å sjå på gravinga. Vi stod oppe på vegen og såg nedover- og det snødde !!!!!

Ingen kommentarer:

Dagbok 20 24: 19.mai Pinsedag

 Klokka er no19.15, temperaturen ute er +12 grader, det er litt vind og fin sol. Eg kom akkurat heim frå ein tur på Vernet, og det var frisk...