onsdag, mai 01, 2019

Dagbok 2010: 1. mai

Klokka er 18.00, temperaturen + 9 grader; det er skodde og regn. Sommaren stakk av, men det er lov å håpe at han kjem att.
Sist natt verkte eg overalt og hadde problem med å få sove, heilt elendig var eg i dag tidleg også, men etter å ha varma opp litt, ete frokost og tatt ein Ibux, kjende eg meg likevel bra nok til å feire dagen i Volda. Avtalen var at Margrete skulle hente meg. Ho og Erlend kom litt etter klokka 12. Vi var oppom og henta Amanda, før vi møtte på Samfunnshuset.
Eg hadde ikkje før sett meg ned før eg fekk ein telefon - frå ei gammal venninne som vi kallar "Vesla". Ho er frå Eid, men bur no i Florø. Ei tid budde dei i Volda, og no skulle mannen hennar ein tur til Volda i mai, og ho skulle vere med. Ho ville vite om ho kunne besøke meg med det samme. Klart ho kan.
 Svein Nordal joina oss, og då fylte vi nesten eit heilt bord. Margrete kjøpte kaffi og kaker til alle. Det er alltid koseleg å vere i Volda 1. mai. Salen er ikkje så snor, og ein møter alltid folk ein kjenner. Talarane representerte SV, AP og Amnesty, som vanleg. Det var relativt korte men gode talar. Kulturinnslaget var ein ung gut som spelte nydelig på fiolin: Bergrosa og Vårsøg. Han går i klassen til Amanda og eg kjende han att frå Musikalen.
Møtte fleire eg kjende, m.a. Berit og Sverre, dei har selt huset og bur no i sentrum. Margrete vart litt hefta, så vi var nesten dei siste som forlot salen. Då eg tok på meg regnkåpa mi, var den så altfor lita, trong i ermane og i det heile tatt, eg kunne no ikkje ha lagt på meg så voldsomt på eit par timar?
Eg tok den av meg og der stod ein namn inni - og det namnet var ikkje mitt. Til all lykke var det eit veldig sjeldent namn, så alle dei som var der visste kven det var, det blei ein telefon til vedkomande som hadde reagert på at der var pengar i lomma.....Vi fekk adressa hennar i Ørsta.
Så er det også ein tradisjon å ete kinamat etter 1.maifesten-og slik vart det i dag også. Vi måtte vente litt for det var berre to som skulle ha det samme . Vi fekk nokre voldsomme porsjonar-så mette vart vi i alle fall. 
På heimvegen var vi oppom Mosmarka der eg fekk bytta til meg den rette jakka-Erlend var kjent i området så han viste veg. Margrete og Erlend kjørte meg heim att, og no har eg bytta på meg kvardagskleda og fyrt i omnen.
Flagget heng ute og er sikkert vått, men såpass får ein tole. 

Ingen kommentarer:

  Klokka er no16.50, temperaturen ute er +12 grader, og det regnar, så no er det slutt på herlegheita for denne gong. No ventar eg på at Mar...