onsdag, mai 22, 2019

Dagbok 2019: 22.mai

Klokka er 18.10, temperaturen er + 18-19 grader, det er overskya og det regnar litt av og til, men det er berre lekkert, så slepp eg å vatne i dag.
Eg vakna litt før klokka sju i dag morgon og såg ut glaset. Då såg eg at det var vått og grått ute, så eg la meg igjen og slappa av til det var tid å stå opp.
Eg hadde tenkt å klippe skråninga i dag, men det var ikkje til å tenke på, det var vått nok i graset i går, og i dag hadde det regna meir. Eg vart litt i tvil om kva eg skulle jobbe med, og mens eg tenkte på det, strikka eg. Eg la opp brotet på den nye kofta mi i går og strikka vidare i dag.
Så gjekk eg ned i vaskekjellaren og vaska grundig det kjøleskapet som står der. Eg tømte det og drog ut støpselet for nokre dagar sidan. No sette eg det på att, for om sommaren er det kjekt å ha eit ekstra skap med eit lite lager av brus etc.
Vaskekjellaren er ein stad ser det samlar seg mykje støv, ikkje minst på grunn av klesvask og tørking. Så eg vaska vekk støv på maskinene etc. Golvet får eg ta ein annan dag; eg har ein gammal støvsuger som eg brukar der, men av og til må eg vaske.
Måtte ha ei lita spanskpause før eg åt middag- i dag vart det makrell i tomat. Dei har slike små kjekke boksar no, som passar for ein person.
Eg vart så sigande trøtt at eg trudde eg måtte sove, men den gang ei. Eg sette meg til å strikke, før Marit og eg bestemte oss for handlerunde. Eg måtte ned att på apoteket i dag igjen fordi eg ikkje fekk det eg skulle ha i går, og så kjøpte eg blomsterjord og blomster til grava. Vi handla litt på Spar også, før vi køyrde opp på gravplassen og planta. Det var veldig tørt i jorda, så eg tømde ei heil kanne med vatn ned i molda før eg sette blomstrane ned.
Marit og eg er samde om at bilen og sjåføren er betre enn ingen ting; vi har no kome heile heim til denne tid.
I morgon skal eg altså til Volda i lag med Ragnhild og vi skal besøke Tone med det samme.
Så har eg bestilt meg time hos den "gamle" frisøren min, no kan eg fare fram i Mosmarka til henne igjen - fordi eg har bil. Skal dit den 28.mai. Den 30. er det konfirmasjon på Eid og 1.juni får eg besøk av ei barne-/ og ungdomsvenninne frå Eid. Ja, ho bur i Florø, altså. 5.juni er det pensjonisttur til Trandal. Så det blir ei travel tid framover. Men kjekt, særleg viss vêret held seg nokolunde bra.
Det har gått betre med knea mine no etter at eg begynte å ta tablettar, men eg veit ikkje kor lenge eg kan halde på med det. Eg hadde ikkje vondt sist natt enda eg hadde både trena og klipt plen i går.
No er det snart til for TV og spøt; eg plar sette på Tv-en til klokka 19-nyheitene.

Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: torsdag18.april

   Det er nokre år sidan dette bildet vart tatt på Hareid, med alle barnebarna i samme sofa Klokka er no16.56, temperaturen ute er + 10 grad...