fredag, mars 01, 2019

Dagbok 2019: 1.mars

Klokka er berre 16.20, så eg er litt tidleg ute med bloggen i dag, men eg hadde så god tid akkurat no. Ute er det lettskya, litt sol og + 6 grader no. Då eg stod opp i dag tidleg låg det snø på alle marker og eg kjende gikta i knea. Eg synest ikkje det er så populært med snø akkurat no, men så blir den heller ikkje liggande. Til alt hell hadde eg gløymt å stille ned varmepumpa i går kveld, så det var ikkje kaldt i huset.
Om morgonen etter frokost brukar eg å hente avisa og løyse sudoku. I dag tok eg avisa frå i går, og sudokuen var akkurat passeleg vanskeleg for meg.
Etter kvart kom eg i sving og shina og vaska bad og kjøkken. Skulle vel ha støvsuga også, men så langt er eg ikkje komen enno. Fekk brått så god tid no når eg ikkje får strikke.
Så tok eg meg ei økt med spansken og skreiv spansk-leksa på data, slik at Marit skulle få den også. Ho var ikkje på kurset no sist. Eg synest eg lærer mens eg skriv, og så blir det ryddig. Elles saga eg litt ved, vaska, og tørka ei maskin med klede osb.
Eg åt litt mat i 14-tida, vi kan kalle det lunsj, då vart eg så trøtt at eg sovna litt i stolen -endå eg sov heilt til klokka 7 i dag morgon.
Eg måtte ut i hagen å sjå på alt som spirer og gror no. Snøklokkene står i blomst, og krokusen er også begynt å opne seg. Det er lite eller ingen tele i jorda sidan vi har hatt bra med snø. Trur plenen blir grøn ganske snart viss det ikkje kjem meir snø og kulde. Heldigvis rydda eg bra opp i hagen sist haust, og det er kjekt om våren. Då blir det alltid nok å gjere, men det er arbeid som eg likar.
Eg skulle ha vore ute og køyrt bil-åleine, men eg er ikkje så veldig modig. Skulle ønske Rasmus var her, han er vel den einaste som torer å sitte på med meg.


Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 2.mai

Klokka er no 17.32, temperaturen på trappa er + 22grader C, så her er det full sommar i dag. Dagen starta med trim frå 10-11,då eg kom heim ...