onsdag, februar 06, 2019
Dagbok 2019: 6.februar. Samefolkets dag
Klokka er 18.20, temperaturen ute er + 3-4 grader C og det regnar litt. Det vart fort slutt på sol og finevêr. No håper eg berre det held seg mildt til snøen er meir og mindre borte, og vegane berre.
Dagen i dag var litt spesiell.
Vekkerklokka ringde klokka 6, då var eg alt vaken, og 6.10 ringde Margrete for å sjekke om eg var oppe. Eg likar å ha god tid når eg skal på noko, og i dag var det CT. Drosjen kom presis 8 eller litt før, eg hadde time på sjukehuset klokka 8.30, men kl.8.25 var eg ferdig med heile CT-undersøkinga. Dei tok bilde av begge knea; ettersom eg forsod var det artrose dei var på jakt etter, og får ein det- er det som regel i begge kne. Noko resultat fekk eg ikkje i dag. Så var det berre å vente på drosje igjen, og det tok si tid. Der var ein Herøydrosje som frakta meg i dag, og ikkje heim men til Bakk-Ola-marka, der eg kjøpte meg litt mat og kaffi før franskkurset som var frå 11-13.
Og etterpå det var det styremøte på same staden. Ein av dei andre styret frakta meg heim. Då var eg rimeleg trøytt, sov ikkje så mange timar i natt, men eg plar seie at får eg to timar så fungerer eg. Etter at eg hadde ete meg eit ganske stort måltid, sovna eg ei lita stund i stolen. Elles har eg gjort lite og ingen ting i dag, berre fyrt i omnen og reinskrive spansk-notatane frå i dag.
Det er ei veldig kjekk spansk-gruppa, mest damer, sjølvsagt, men også nokre menn. Somme har vore litt borti språket før. Marit og eg er dei to eldste, så vi reknar ikkje med å bli dei flinkaste i klassen. Eli er vand med å undervise barn, så ho legg det opp enkelt og lettfatteleg. No er det 8 leksjonar att.
I kveld trur eg det blir spøt og TV, driv og set i hop garnrestar til eit lestepar, for moro skuld. Vil ikkje begynne på noko stort, for laurdag kjem truleg Margrete med garn som eg skal forvandle til ein "islandsk" genser. Eg har garn liggande som eg skal strikke genser til meg sjølv av, men må ha ein farge til og litt meir for at det skal bli nok.Så det står på vent.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Dagbok 2026:16.september
Klokka er no18.00, bildet er tatt for ei lita stund sidan.Då braut sola seg i gjennom skodde og skyer som vi har hatt rikeleg av i dag. Eg ...
-
Far i huset ønsker seg eit par skikkelige tova fiskarvottar som kan halde hendene varme i all slags ver. Eg har søkt på nettet etter oppskr...
-
Det er ikkje til å tru, men vi har strålande ver i dag også. Sola skin,det er berre lette skyer på himmelen og temperaturen er minus 3 grade...
-
Klokka er no snart 18.00, temperaturen 10-11 grader C, og det er framleis sol sjølv om det blir meir skyer etter kvart.Sidan eg har tatt b...

Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar