mandag, februar 04, 2019

Dagbok 2019: 4.februar

Klokka er 17.10, temperaturen er minus 2 grader C.I dag kleiv sola hornet, så det var sol i stova frå 10 til 16 sånn ca. Når sola skin, slepp eg å fyre i omnen, og i dag slo eg av varmepumpa også.
Eg sette meg til å strikke etter frokost, men fekk ikkje fred i sjela av å sjå på dei stygge vindua. Eg pussa vindua på innsida før eg gjekk ut og tok den andre sida. Eg trudde sola skulle gå attom Melshornet, men det gjorde ho ikkje. Eg tykte eg hadde gjort ein bra jobb, vindua såg fine og blanke ut-heilt til sola stod litt lågare på himmelen. Ja, ja, til høgre sola står på himmelen til finare er vindua.
Sola avslører mykje, så då eg kom inn att måtte eg både støvsuge og tørke støv og rydde litt her og der. Men eg har enno mykje som skulle ha vore gjort. Fekk saga litt ved på føremiddagen, det blei mykje betre å sage etter at eg kjøpte ny sag.
Har strikka ferdig enda eit lestepar, og no minkar det på garnet, dvs. eg har ein god del garn, men restane er for små til at det blir til noko. Laurdag kan det hende at Margrete og eg skal handle garn til genser. Eg må framleis sitte mykje i ro for foten sin del, så eg må ha litt sittande arbeid.
Elles har det ikkje hendt så mykje i dag, har ikkje snakka med nokon - anna enn på data.
Skulle gjerne ha hatt fleire slike fine dagar, og skulle gjerne hatt litt betre føter slik at eg kunne vere meir ute. Men ein får ta dagane som dei kjem.

Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 5.mai

Klokka er no 18.13, temperaturen ute r + 13 grader C. Det har vore sol og fint i heile dag, men ikkje så varmt som i går. Eg vakna tidleg i ...