søndag, februar 03, 2019

Dagbok 2019: 3.februar.


Klokka er 17.20, temperaturen er minus 3 grader og himmelen er klår. 
Eg hadde forventa sol frå klar himmel i heile dag og vart litt skuffa då det hadde kome enda meir snø sist natt. Det var berre å kveike opp i omnen og sette seg til med strikketøyet etter frokost. Kombinerte det med å høyre radio. 
Etter å ha lagt i hop ein klesvask frå i går og sett på ein ny, prøvde eg å skrue opp haldaren til den nye støvsugaren. Ein skrue gjekk bra, men så var der ikkje meir straum på batteriet til drillen. No har eg to batteri og sette det andre på ladding, men får ikkje til å fjerne det utladda batteriet frå drillen. Men haldaren held seg fint oppe med ein skrue. Eg tok ikkje den kortaste eg fann!
Etter kvart var vêret så fint at eg såg sola bak skyene, og så kom den fram. Då gjekk eg ut og begynte å fjerne meir snø frå altanen. Det var berre vilje og ikkje lyst som fekk meg til å gjere heile jobben. Viss det no kjem meir snø, skal eg kaste den over rekkverket før den blir is og tung som bly! DET har eg i alle fall lært. Men saka er den at det er lenge sidan vi har hatt så mykje snø som i år, dei to førre vintrane var det knapt nok snø i det heile tatt.  No har eg grave fram bord og stolar på altanen, men ute ligg trillebåra nedsnøa og fastfrosen, det hadde ikkje hendt i Nils si tid; han var alltid budd og tok høgde for det meste som kunne skje. Det har vel med erfaring å gjere.
Då eg kom inn frå mòkejobben, varma eg ein frosen brennsnut-rest i mikroen, og det vart eit herremåltid. Og så sette eg meg til med strikketøy og lydbok. Dagane  går veldig fort når ein har noko å styre med. Til denne tid har eg strikka lester, men eg håper eg snart få begynne på ein ny genser-til Margrete. 
Denne veka har eg tre avtalar, alle på onsdag: kl.8.30: CT i Volda,-  kl. 11.00: Spanskkurs på Bakkola, - kl.13.15: Styremøte på Bakk-Ola. Det verste er at eg må så tidleg opp. Taxien kjem kl.8.00. Og så spørs det om eg rekk spanskkurset, det blir alltid ein del venting på røntgen, og så blir det ofte lenge å vente på å få taxi heim (Pasientreiser). Ser ikkje akkurat fram til DEN dagen. Men eg har no vore med på det som verre er.

Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 18.mai

Klokka er no 17.56 , ute er det overskya, opplett hittil og berre +16 grader, det var litt av ein overgang, og eg likar det ikkje. Og no er ...