lørdag, februar 02, 2019

Dagbok 2019: 2.februar


Klokka er 17. temperaturen er minus 4  grader C og det har vore ein nydeleg dag . Vi har hatt sola frå ca. kl .10 -16. Eg kan tenke meg at den var attom Melshornet nokre minutt midt på dagen, men då var eg i Volda.
Eg hadde avtalt med Marit at eg skulle vere med på 12-konserten i dag, for Janne skulle synge i lag med Øyvind Lid. Men eg sov dårleg i natt og verkte både i knea og i venstre hofta, så eg tenkte eg ville halde meg heime. Men etter kvart vart eg så bra at eg ombestemte meg. Den store Voldakyrkja vart nesten stappfull til sist, noko som var litt uventa for meg sidan det berre var to som deltok. 
Men forklaringa kom til slutt, etter at Janne og Øyvind hadde sunge mange songar.(Dei er veldig flike begge to, men i dag var det veldig vanskeleg å få tak i teksten, anten det var på grunn av akustikken eller om det var noko med lydanlegget.) 
Det viste seg at Øyvind hadde fødselsdag i dag, og sidan han dirigerer mange kor, hadde alle korsongarane møtt opp for å hylle han. Eitt av kora kom fram og song ein sjølvdikta song på tonen til "Come all Yee Faithful", etterpå reiste alle kora seg opp der dei sat, mens vi andre sat i ro. Kora song, og Kirsten Ose kom med stor bukett til Øyvind.
Etter at eg kom heim att måtte eg ha meg litt mat og slappe av ei stund før eg gjekk ut og begynte å fjerne meir snø frå "utestova". Eg grov fram både tørkestativ, solseng, hagebord og-stolar. Aldri meir skal eg late det kome så mykje snø på platten. Eg må få tak over deler av altanen, og så må eg rydde bort snøen etter kvart. No var det tungt, den første snøen var blitt is, og jammen fekk vi litt nysnø sist natt også. 
Det er alt åt og skymest ute. Eg har henta inn ved og fyrt i omnen, så blir det vel TV og spøt resten av kvelden. Mens vaskemaskina jobbar i kjellaren.

Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 13.mai

Det var eigentleg ikkje dette bilde eg skulle ha i dag, det liknar veldig på det eg hadde i går,men litt har det skjedd. Eg har til dømes kl...