fredag, februar 01, 2019

Dagbok 2019: 1.februar

Klokka er no 16.55, temperaturen er minus 1 grad, og vêret har vore stålande. Eg fekk ikkje sjekka kor mykje sol vi har hatt her i Starevegen i dag, sidan eg har vore på rek. Bildet over tok er kl. 11.15.
Ragnhild henta meg klokka 11.30 som avtalt. Vi var først på Amfi, der eg fekk kjøpt diverse på apoteket, så var vi på El-kjøp i furene, der eg kjøpte ny handstøvsugar og kaffi. Støvsugaren har eg ladda opp litt og prøvekjørt, men har ikkje festa stativet til veggen. Skal undersøke om eg kan bruka same skruehola som eg hadde til den gamle-den som eg har kasta. Har ein langskafta ein også, som ikkje er heilt god, men har ikkje bestemt om det skal på VØR enno. 

I Volda handla vi mat etc. på Mega. Etterpå var vi på kafé Geiranger, der vi kjøpte ein liten pizza på deling. Den var veldig god, men cappuccinoen var ikkje på samme nivå som den vi får på Fugl Føniks. 
Vi besøkte Tone, og ho hadde laga vanleg god kaffi, og det vart ein liten opptur. Det var kjekt å besøke Tone, ho er glad for å få besøk og var i godt humør.
Eg synest det vart ein veldig fin dag, og som eg seier til Marit: No vil eg vere med på mest muleg før eg ev. blir sittande pal igjen. Ein kan aldri vite. 
I morgon har eg tenkt å vere med Marit og fam. på 12-konserten i Volda. Dei skal fare med to bilar; sidan Janne skal synge må ho sikkert møte opp litt før. Det var Marit som "inviterte" meg med. Eg har så mange kjekke venner som tek meg med. Det er eg veldig glad for.
Då er det fredag igjen og eg vil som vanleg ønske alle ei god helg.

Dette bildet er tatt ca. 16.45.

Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 28. april