Dette bildet tok eg frå altanen kl.14.10 i dag. Då var det relativt lyst ute, og plenen er framleis grøn, som de ser.
Klokka er no 18.30, temperaturen er + 4 grader og vêret er om lag som før, men no er nesten all snøen borte. Ei lita stund i dag fekk vi sjå ein flik av blå himmel, så alt håp er ikkje ute.
Eg lever eit litt underleg liv for tida, er svært stadbunden på grunn av foten, men i dag har eg i alle fall vore over vegen og drukke kaffi med Marit. Vi har alltid mykje å prate om, og som oftast har vi eit tilbakeblikk til Eid gymnas, der vi gjekk i samme klasse 1956-58. Vi er komne i den alderen at vi ser oss tilbake og ikkje SÅ langt fram.
Sist natt vart eg liggande utan å få sove igjen, så føremiddagen brukte eg på å prøve å få til å ta ein blund anten i stolen eller på sofaen. Det måtte eg berre gi opp.
Elles så har eg ei spennande bok å lese i, ein krimroman som eg fekk av Einar i julegåve. Der er mange namn å halde greie på, men det er ikkje så farleg når ein les på papir - verre med lydbok.
Har ikkje strikka i dag, men eg har berre vel 5 cm att, så må eg ha alt inn på samme pinnen-ermane er klar. Eg sparer strikketøyet til eg skal sjå TV.
Eirik og kameraten hans skulle køyre til Trondheim i dag, eg lurer på om dei er komne fram. Det er så mykje vêr på denne tida av året og det skjer så mykje at det er godt å få vite det når dei er vel framkomne.
Så blir det full skule- og arbeidsveke for den yngre garde, mens eg blir gåande her å hinke og halte. Skulle ønske eg hadde fått kome på røntgen litt før, såpass eg kunne få begynne på ei slags behandling.
I dag er det 13.dag jul, Heilage tre kongars dag, .også kalla "Gamle juledag". Dette var ein merkedag i gammal tid, klarvêr denne dagen skulle gi eit godt og grøderikt år. Vêret denne dagen skulle vare i 13 veker-så då får vi belage oss på det. Om det er 13.dag eller 20. dag som markerer at jula er slutt, det veit eg ikkje. Her hos meg er i alle fall all julepynt borte.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar