mandag, januar 07, 2019

Dagbok 2019: 7.januar

Klokka har passert 18.00 og det er kolmørkt ute for lengst, og like vått som før. 
Eg var så vidt ein tur rundt huset tidleg på dag, elles har eg sete og strikka , bala ,rekt opp og strikka på nytt. Det var nemleg den dagen at bol og ermar skulle sameinast på ein pinne, og masketal og liknande skulle sjekkast opp. Det verste er over no etter diverse tabbar, og eg har begynt på mønsteret. Ikkje akkurat TV-arbeid det då. Eg lurer av og til på kva eg tenkjer på når eg driv med slikt-for heilt fokusert kan eg umogleg vere. eg føler meg utstyrt med hønsehjerne. 
Eg får trøste meg med at lester, DET kan eg. Kunne strikka dei i søvne, trur eg.
Det er alltid litt plundrete å begynne på mønsterborden før ein kjem inn i det. Dette mønsteret som eg strikkar no(TIRIL) eg veldig "grese" til å begynne med og det er heller ikkje så greitt. Og så veit eg at Solveig strikkar så mykje penare enn eg-ho har strikka samme mønsteret til Olaug.
Har så vidt hatt ein liten matpause i dag, men elles har eg spøta. Det som eg har sagt så mange gonger at eg aldri skal gjere på dagtid.
Men kva skal ein gjere når ein ikkje greier å gå på føtene utan at det gjer veldig vondt ?
Når eg set i ro kjenner eg ikkje så mykje til fotverken, men å ligge i senga er ikkje godt. Ligg lenge før eg sovnar om kveldane og vaknar tidleg. Men sist natt sov eg i alle fall nokre timar.
Har ikkje snakka med eit menneske i dag, men det er ikkje så farleg, eg har no telefonar eg kan ringe med sjølv -  om eg blir pratesjuk. Og så har eg no PC-en
No er det snart TV og nyheiter og så går denne dagen også over i historia.

Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 26. november

                                            På toppen av Storebakken Klokka er no16.00, temperaturen på trappa er + 6 grader c. Det er overs...