tirsdag, januar 08, 2019

Dagbok 2019: 8.januar


Klokka er no 18.15, temperaturen ute har gått ned på + 2 grader C .Tidlegare i dag då eg tok bilda, var det nysnø berre i fjella no har det kome heilt ned. Veit ikkje om eg skal kalle det snø, det er no meir som ei sørpe, men nok til at vegane blir glatte. 
Eg var nettopp ut og såg etter post. Har vore ute og tatt ned att glasdunken før i dag, etter at den var tømt, og sette opp papirdunken som skal tømmast i morgon. Den var heilt tom, så eg har invitert naboane til å fylle opp. Det er nye ordningar med både sortering og leveringsdagar så det er godt eg har boss-kalender. No er det onsdagar som er dei faste dagane for mat- og restavfall. Eg har enno ikkje fått matboss-dunken min. 
Eg har vore heime åleine i dag også, men tida går for fort uansett. 
I dag fekk eg i alle fall støvsuga alle teppegolva, og det er no LITT. Elles tok eg genseren som eg strikka på i heile går og rekte opp att det eg hadde gjort i går kveld. 
I dag har eg tatt opp att maske for maske-det skal eg gjere til ermane dett av. For å seie det enkelt var det ein liten feil som utvikla seg. Uansett kunne eg ikkje ha strikka i dag for eg har jobba så hardt med strikketøyet at eg har stukke hol på peikefingeren på høgrehanda. Så no er eg  enda meir sjukmeldt og kan konsentrere meg om krimboka mi og  narkotika -kriminalitet i hovudstaden. 
Foten min er ikkje verre, ikkje betre heller, og sist natt sov eg i alle fall, og vakna ikkje i gryotta. 
Nabokatten er veldig selskapssjuk, han kjem av og til bortom når han høyrer det er folk ute, så i dag måtte eg berre ta eit bilde sidan eg stod med kamera i handa. Han/ho er no veldig fin.


Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 26. november

                                            På toppen av Storebakken Klokka er no16.00, temperaturen på trappa er + 6 grader c. Det er overs...