fredag, desember 14, 2018

Dagbok 2018: 14.desember



Bilda var tatt klokka 16.00.



Klokka er no 16.50, det er minus 5 grader ute, nydeleg vêr i dag også, til tross for kulden. Det var begynt å mørkne då eg var ute og tok bilda, no er det heilt mørkt. Månen kom tidleg til syne, han veks litt kvar dag, og kalenderen viser at han skal bli full den 22. desember
I går kveld var eg veldig låk i foten, gjekk med stav på teppegolva. I dag var eg litt betre og etter eit par tablettar kunne eg gjere diverse nyttige ting, før eg sette meg til å strikke ferdig ein "hals" som skal passe til den nyaste kofta mi. Erfaringa mi seier at er ein varm på halsen, så frys ein ikkje så lett, og skjerf er alltid i vegen, særleg når ein skal gjere noko. Det einaste som vart gjort på føremiddagen var at eg tok ut oska, henta inn litt ved, sette på vaskemaskina etc.
Margrete og "ungane" kom i 13.30 -tida, då var Amanda ferdig med song-tentamen og dei hadde handla til meg. Det var diverse ting eg ikkje hadde kjøpt i går, og så hadde Margrete fått tak i rette sorten garn i Volda, så no kan eg produsere fleire lestepar. Kaffimat hadde dei også med seg, så for meg var det berre å sette på kaffien.
Eirik og Amanda bar inn to sekker ved til meg, såpass eg slepp å gå ned i tilbygget å hente no når foten er låk. Eg passar på å utnytte alle som kjem på besøk, tenkjer ut oppgåver på førehand. Det er godt å ha hjelparar sjølv om ein helst vil klare alt sjølv.
Dei kunne ikkje vere så lenge, for i kveld skulle det vere konsert i Dalsfjord-kyrkja. Med så mange musikarar og songarar i familien, er førjulstida hektisk. Både Erlend og Amanda spelar i korps - attåt alt anna.
Kjekt å sjå att Eirik, han likar seg godt på musikkstudiet i Trondheim no. Det kjekkaste med jula-for meg - er at dei bortreiste barnebarna kjem heim.
Elles ringde eg legesenteret i dag for å fornye nokre reseptar, og så bestilte eg telefonsamtale med fastlegen min på tysdag. Eg får notere ned nokre spørsmål. Å bestille time så nær opp i jula trur eg ikkje er mulig. Det plar vere minst tre vekers ventetid.
Viss de har lyst å høyre Amanda synge, så ligg der eit par klipp på Facebook.
Eg trur det er laurdag i dag-som vanleg-men kalenderen seier fredag, så då er det ikkje for seint å ønske alle ei GOD HELG !

Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 22.april

No er klokka blitt 16.35 utan at det har hendt så mykje. Det mest dramatiske som har skjedd er at eg har prøvd å slette alle bilda mine på P...