mandag, juli 09, 2018

Dagbok 2018: 9.juli


Klokka er 20.10, temperaturen ca. 18 grader C, og sola skin! I dag vakna eg opp til ein ny fin dag. Trur det må ha vore lenge sidan sist vi hadde ein slik sommar. Måtte det vare-og vare. Regnet som kom i går og i natt kom vel med, men det treng ikkje regne i  vekesvis.
På føremiddagen i dag måtte eg ta litt husarbeid. Det er mykje som blir forsømt ikkje når vêret er slik, men det kjem vel dagar då ein MÅ vere inne også, så eg prioriterer uteliv.
Det er berre ein ting som irriterer meg, og det er at eg var litt for voldsom på laurdag, jobba så ryggen var nesten av-og så set det seg i venstre hofta, den som eg ha vore plaga med i mange, mange år. Høgre kneet er heller ikkje godt, så no haltar eeg til begge sider. OK, det får gå som det går. MEN-det er litt surt etter at eg i to somrar har vore heilt "frisk".
I dag kom både Audun og Håkon for å male. Håkon begynte på altanrekkverket utvendig. Det viste seg å vere ein heller tung jobb. Det rekkverket laga Nils og eg for nokre år sidan, og det har vore beisa berre ein gong. Derfor trengst det mykje maling, og det er tungt å male. 
Audun og eg var ein tur bort på Koppen trelast og oppretta ein "konto" på meg. Slik at snikkaren frå Hareid skal kunne hente ut dei materialane han treng, på min konto. Men det blir ikkje før i august.
Eg fekk også handla litt på Coop ekstra mens vi likevel var der borte. 
Audun mala andre strøk på eine garasjeveggen, blant anna. Og Håkon mala ferdig på hjørnet, der som Einar ikkje hadde rukke bort. Det går framover, men Rom vart ikkje bygt på ein dag. Ingen skal stresse men ta det i sitt tempo har eg sagt. 
Eg laga mat. I dag vart det " HEIMELAGA" pizza Grandiosa til hovudrett, is og hermetiske pærer + kaffi til dessert. 
Etter at eg hadde sett i gang oppvaskmaskina og sett på enda ei maskin med klede, gjekk eg ut og la meg på solsenga ei stund og høyrde lydbok. 
Kom på at eg ikkje har høyrt nyheiter sidan  i dag morgon, så no lyt eg sjekke korleis det går med gutane i hola. Eg synest det er ei tragisk hending, men håper sjølvsagt at dei må overleve.
I morgon kveld kjem Rasmus og familien, det ser eg fram til.


Denne klatrerosa har vi hatt i mange år, men det har aldri vore noko fart i den. I år blomstrar den i alle fall.


Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 26.april

Klokka er no 16.30, temperaturen ute er +8 grader og no skin sola mellom skyene. Det er berre ei lita stund sidan eg kom att frå turen på Ve...