tirsdag, juli 17, 2018

Dagbok 2018: 17.juli

Klokka er 18.30, så det er enno tidleg dag, men sidan eg var innpå bloggen likevel skriv eg no. Temperaturen er no +24  grader C, tidlegare i dag var det varmare. Sola har vor framme, men ikkje heile tida. Eg er berre så glad i varmen, blir sjeldan for varmt for meg.
I dag starta eg med plenklipping, først opp mot gata, så rundt huset. Hadde ei lita pause før eg starta ned i bakken. Då skrudde eg ned klipparen og snauklipte, der var brunflekka i alle fall, så det kunne ikkje bli så mykje styggare. Eg sveitta som ein sil, men det er berre lekkert.
Då eg var ferdig med klippinga tok eg ein lang dusj, noko som kjølte godt ned. Ein liter brus har det vel også gått med.
Så sette eg meg til å ete, og før eg var ferdig ringde Amanda, for ho og Margrete var på handletur. Dei ville kome oppom ein tur, og eg bad dei kjøpe med kaffimat og brus. Eg har nok diverse i frysarane enno, men orka ikkje å begynne å grave fram restar i dag.
Vi hadde ei koseleg pratestund, og ein liten tur i hagen. Margrete hadde med seg fleire papirbøker til meg, så eg får sjå om eg greier å få lese litt på gamlemåten. Mens dei var her kom det eit lite torevêr forbi og vi fekk nokre få regndropar. Håper det kjem meir i morgon. I morgon skal Amanda til Oslo på Guns N´Roses-konsert. Dei må no vere begynt å bli gamle no, dei karane.
Etter at dei hadde reist la eg meg på sofaen for å lese ut lydboka mi, men etter nokre få minutt ringde det på døra. Det var Helge. Han trudde Rasmus var her, men vi fekk no planlagt utan hjelp at Helge skal komme og fikse TV-tilgangen i kjellaren før Silje kjem tilbake. Han visste kva som skulle til og kva det ville koste, så det er greitt. Eg erfarer etter kvart at Nils har ordna med mange ting som eg ikkje har brydd meg med. Men det er greitt for meg å bli nøydd å skjerpe meg litt.
No skal eg ut og sette i hop den nye kompostkassen min. Den skal eg ha berre til gras. Synest det er tull å køyre graset på VØR når ein kan bruke det til "gjødsel" her heime.


No er Rasmus og familien heime i Kongsberg. Det vart ei stopp her!
(Trampolinepark)

Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 25.april i dag.

 Bilde frå turen min i dag- På det øvste bildet ser vi gjengen som har tatt ned masse ore-skog og rydda fint opp. I dag hadde dei ei maskin ...