onsdag, juli 18, 2018

Dagbok 2018: 18.juli

Leonardo da Vinci trivst her hos oss.

Klokka er 17.30, temperaturen er + 19 grader C. Tidleg på dag var det fint og varmt, men så kom det er tirebye og friska opp. Regna gjorde det også, men ikkje så mykje at det vart særleg vått i jorda. Men litt er betre enn ingenting.
I dag begynte eg arbeidsdagen med å bryte sund ein del isoporplater og ha dei i sekker. Tre fulle bossekker vart det. Brukte saga også-ikkje motor-men handsag. Det vart LITT ryddigare under altanen, men sidan nesten alle reiskapane står der, er der alltid litt rot.
Etterpå gjekk eg laus på bakken der granrota hadde stått og vidare nedover. Tok vekk ugras og spadde opp stauderøtene som stod der. Skal fylle på meir jord, trakke i hop molda og så grasfrø. Tok vare på plastloket til kompostkassen, det skal eg ha og trakke på. I gamle dagar hadde vi eit par små plast-ski som vi brukte når vi trakka ny plen. 
Så vart det pause med litt mat og drikke før eg skulle ut att. Eg las litt i papirboka som eg fekk av Margrete i går, men eg blir så søvnig når eg sit i ro utan å strikke. Når eg les lydbøker kan eg multitaske.
 Eg hadde sett frå meg gummistøvlane på trappa så dei var fylt med regnvatn. Derfor måtte eg gjere litt tørt arbeid. Eg klipte vekk alle visne roser frå New Dawn-rosetreet og reinska litt i bedet, før eg tok grasklipparen og samla opp rusket med den. Den arbeidsøkta vart litt kort, så eg tok fram strykebrettet då eg kom inn att. Når eg er heime åleine blir eg rastlaus viss eg ikkje har noko å gjere. Heldigvis har eg mange jobbar på vent. Men eg har bestemt meg for å vere mest muleg ute når det er bra vêr. Får tidsnok vere inne når hausten og vinteren kjem.
I morgon trur eg Audun kjem innover, då skal vi fylle bensin på bilen min, kjøpe mold etc. Trur eg.
Den gledelege meldinga vi fekk i går var at Eirik har kome inn på musikkstudiet i Trondheim, det som han ønska mest av alt.











Det eg likar minst av hagearbeid er å plukke rips etc. Derfor har eg kvitta ripsbuskene, har berre ei att.



Ingen kommentarer:

DAGBOK 2024: 19. APRIL

  Dette bildet er eit par veker gammalt, eg har ikkje fått orden på bildebruken enno. Klokka er no 17.20, temperaturen ute er+8 grader, det ...