tirsdag, juli 17, 2018

Bok nr.21 - 2018: Begynnelser



Miljøvernaren Terje ligg på sjukehuset etter å ha tatt sitt eige liv . Vi følger han bakover i tid, først som vaksen, deretter som ungdom og til slutt som barn. Gradvis blir vi kjente med ei sår familiehistorie, Terjes glødande kjærleik til naturen og alle vala han tok eller ikkje tok. Kvifor blir eigentleg livet som det blir, og kva er samanhengen mellom enkeltmennesket og det store kretsløpet vi alle er ein del av? "Begynnelser" er ein vakker og svært aktuell roman om den komplekse menneskenaturen og naturen vi held på å øydelegge. "Først da sommarfuglen letta frå raudkløveren og eg prøvde å følge han med blikket mens han flaksa med rykkvise sikksakkbevegelsar innover i skogen, merka eg at auga mine var fylte opp av tårer. Vi menneske burde utvide nestekjærleiksbodet, tenkte eg, vi burde leve slik at dei andre artane saknar oss den dagen vår art er borte frå kloden." 
…………………………………………………………………………...
Margrete har lese og skrive om denne boka før, så eg få berre legge til litt av mine synspunkt.
For det første er boka god; men den er litt krevjande å lese sidan den liksom er "baklengs". Terje ligg for døden  (Eller er han alt død?) og minnest livet sitt lenger og lenger tilbake. Eit liv som ikkje har vore berre godt. Problemet mitt er at no då eg endeleg har fått lese ferdig boka får lyst til å begynne på begynnelsen igjen -(Kanskje det er på grunn av tittelen)-og det gjer eg kanskje. Boka er veldig god, som dei andre bøkene eg har lese av denne forfattaren. Anbefalt.
Språket og opplesinga er eit kapittel for seg, og der har eg ein del sterke meiningar. Forfattaren er trønder, og han skriv på nynorsk, så langt er alt greitt. Men han brukar ein heil del bokmålsord i teksten, og det er eg ikkje så begeistra for. Når han som les er frå "Bokmålsland" så skurrar det i øyrene mine, han uttalar ikkje orda rett alltid. Hadde ein trønder lese boka ville det vore annleis. Eg har lese mange bøker  skrive på bokmål frå Nord-Norge, men opplesarane har vore nordlendingar. Det blir veldig autentisk. 

Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 25.april i dag.

 Bilde frå turen min i dag- På det øvste bildet ser vi gjengen som har tatt ned masse ore-skog og rydda fint opp. I dag hadde dei ei maskin ...