Klokka er 21.30, temperaturen på trappa er + 11 grader og det har vore opplett og nokså fint vêr i dag, særleg på ettermiddagen. Graset veks fort no, og i morgon er det meldt fint vêr som går over til store nedbørsmengder på torsdag. Så no spørs det om eg må fyre opp grasklipparen i morgon. I dag var det for vått i graset til å slå.
I dag før middag dreiv eg med diverse rydding, som vanleg, og så laga eg to kakebotnar med tanke på konfirmasjonen.
Ei stund var eg ute og gjorde litt hagearbeid.
Etter at eg hadde ete "middag" (ostesmørbrød) vart eg så trøtt at eg sette meg i godstolen og sovna ei lita stund. Det er ikkje så bra med tanke på nattesøvnen. Etterpå høyrde eg lydbok og strikka litt. Eg måtte rekke opp litt i går, derfor er eg enno ikkje ferdig med erm nr.2
Marit skulle fram på Askjellhaugen og spurde om eg ville vere med. Det ville eg, så fekk eg handle på Kiwi med det samme. Grava til Nils var rydda no, kransane var borte, og jorda var jamna utover. Marit og eg skal fare i lag fleire gonger, men sidan det skal bli så voldsom nedbør no, ventar vi med å plante noko. Vi tok oss ein runde og såg på gravsteinar. Robert hadde det minneordet som Solveig har foreslått skal stå på Nils sin stein, og mange andre har det samme. Så eg trur vi må finne noko anna.
I morgon før middag får eg prøve å gjere kakene ferdige så langt det går. Kremen må på til slutt, dvs. same dagen.
No skal eg ete kveldsmat og så blir det vel TV og strikketøy, som vanleg.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Dagbok 2026: fredag 11. september
Klokka er no17.22, temperaturen ute er+13graderC og det er regn og skodde Men eg har likevel hatt ein strålane dag. Takka vere Margrete ...
-
Far i huset ønsker seg eit par skikkelige tova fiskarvottar som kan halde hendene varme i all slags ver. Eg har søkt på nettet etter oppskr...
-
Det er ikkje til å tru, men vi har strålande ver i dag også. Sola skin,det er berre lette skyer på himmelen og temperaturen er minus 3 grade...
-
Klokka er no snart 18.00, temperaturen 10-11 grader C, og det er framleis sol sjølv om det blir meir skyer etter kvart.Sidan eg har tatt b...
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar