Gratulerer med dagen, Stein Inge!
Klokka er 20.00, temperaturen er + 12 grader, og vi har hatt regnbyger i dag.
I dag er son til bror min 49 år gammal, det får tankane til å gå tilbake til den dagen han vart fødd. Då kom bror min og henta meg ungane for at vi skulle vere på Eid og passe dei to småjentene hans mens mora låg på sjukehuset. Ingen pappaperm den gongen. Vi budde på Melle på den tida, og litt av snøen låg enno på markane, men Solveig og Rasmus gjekk i shorts og kasta snøball. For det vart varmt, ulideleg varmt desse mai-dagane på Hildegard, der eg skulle ta meg av 5 ungar; Solveig var den eldste, men hadde enno ikkje fylt 6 år. Det Audny og Hilde sikkert hugsar best er at eg hadde tatt på dei kjolane bak/fram då eg pynta dei før dei skulle på sjukehuset og sjå veslebroren.
Skulle gjerne hatt slike varme dagar no!
I dag har eg vore heime åleine heile dagen, men det går heilt fint. Eg har så mykje å gjere som eg vil ha. Det vil seie eg treng ikkje kjede meg. Det blir litt rydding i skuffer og skap, og deretter klesvask. Eg prøver å sorte klede, noko til innsamling, noko til arbeids-/fiskeklede osv. Eg skal love det blir nok klede til dei som t.d. vil male og fiske. Greitt å sleppe å ta med seg slikt når ein kjem på "besøk".
Så er det diverse anna som skal ryddast opp i. Elles har eg strikka litt, er nesten ferdig med erm nr. 2 på kofta mi, og så har eg lydbok på øyret. Då klokka var 19.00 kom eg på at eg ikkje hadde hatt på verken radio eller TV i dag, så eg veit ikkje mykje om det som skjer i verda.
Tone ringde og sa ifrå om at dei vil overnatte her hos meg når dei kjem til konfirmasjonen komande laurdag. Sjølve seremonien blir her i Ørsta, selskapet skal vere på grendahuset på Straumshamn. Det er ikkje plass til alle på seremonien, så dei fleste kjem direkte til "festen". Det blir kjekt å treffe så mange slektningar igjen, i gravferda vart det ikkje så mykje kontakt med kvar einskild.
Til middag i dag hadde eg det samme som i går : pølse i tortilla wraps, det er ein rett som eg har funne på sjølv. Fann nokre pølser på butikken som eg trudde skulle vere godt krydra, men dei var ganske milde, så eg hadde litt tacosaus på. Mais, paprika og tomat til. Eg trur ikkje denne retten blir ein klassikar i heimen. Men eg er ikkje så nøye på kva eg et.
Eg blei så trøtt på ettermiddagen. Eg søv ikkje godt om natta for tida. Eg sovnar når eg legg meg, søv eit par timar, men rotar det meste av natta. Berre utpå morgonen søv eg godt. Eg brukar å seie at eg er ikkje B-menneske, eg er lenger ute i alfabetet. Men eg prøver å legge meg i skikkelig tid, er som regel i seng i 1-tida.
No har eg ein klesvask som eg skal legge i hop og på plass og så blir det vel å sjå litt TV og strikke resten av kvelden.
Erlend og Amanda pynta til konfirmasjonsselskap.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar