lørdag, mai 05, 2018

Dagbok 2018: 5.mai


Klokka er 18.45, temperaturen ute er + 17 grader og det kjennest nesten som sommar. Det har vore skya, med litt solgløtt i dag.
Då eg vakna i dag verkte eg både her og der, særleg i skuldra(strikking) og kneet var heller ikkje godt. Skuldra kom seg fort, men eg bestemte meg for å ta ein dag med foten høgt for kneet si skuld.
No likar eg ikkje så godt å late meg -i alle fall ikkje tidleg på dag, så eg sende bod på Marit G til å halde meg med selskap. Etter at vi hadde prata oss nesten tomme, gjekk Marit opp att.
Eg tenkte eg kunne strikke litt, men fall for freistinga til å støvsuge stova; då det var gjort strikka eg ei stund. Det var så fint og mildt ute at eg ville ut og ta litt bilde, men kva ser eg? Marit U slit med å klippe vår felles hekk. Det er ikkje rettferdig,. Eg skulle no prøve å klippe litt av min del, så det vart litt teamwork. No skal det seiast at Marit er meir nøye og bereknande enn eg, så det var ho som tok finpussen. Vi vart no ferdige på eit vis, men det kan  hende at vi må ta litt ein annan dag også. På mi side av hekken er det vel mykje skvallerkål, men det skal eg no vite råd med.
Kneet er kanskje litt anstrengt, men heilt til å leve med. No skal eg tømme oppvaskmaskina, og så skal eg ha meg noko skikkelig mat, kan ikkje leve av berre kaffi og kaker heller. Ser at graset snart må få ein klipp, men der står enno blomster i plenen og dei må få stå. Tre sekker med hageboss vart det på mi side i dag.


Ingen kommentarer:

Dagbok 2024:22.desember

                                                 Starevegen i dag Klokka er no18.07, temperaturen ute er    grader C og det regnar litt småt...