Klokka er snart 17.00, temperaturen i skuggen er +24 grader C, og det er så uvant heitt at eg måtte inn og kjøle meg av.
Det første eg gjorde i dag var å lage nesten ferdig nokre kaker som skulle i frysaren. Eg er ikkje så glad i å bake og styre med mat, så eg hadde lova meg sjølv at eg skulle få lov å klipper plenar etterpå, det arbeidet likar eg betre.
Tykte eg høyrde Nils : "Vent til det er tørt i graset." Men eg hadde ikkje tid å vente. Klipparen som eg kjøpte i fjor har stått i tilbygget heile vinteren, og starta på første drag. Eg klipte først på oppsida av huset, der var så stygt med avblomstra russestjerner. Vått og klissete var der også. Eg klipte og samla opp på plenen nedanfor huset, og etter ein pause tok eg skråningen. Det er verste arbeidet, men i dag klipte eg bio utan oppsamlar. Eg gjer det somme gonger, men minst annankvar gong samlar eg opp. Det var mykje og langt gras, men i går var det nokon som sa at det skulle bli så voldsomme nedbørsmengder på torsdag, så eg tenkte det var best å få unna slåtten. Eg er på langt nær ferdig. Kantklipping må også til, viss eg berre har ein kantklippar som er i orden; har ein elektrisk, med sen, som er god, og ein med batteri som berre er noko herk. Han går i 15 minutt og så må han laddast. Ja, ja, eg blir ikkje arbeidslaus med det første verken ute eller inne.
I dag hadde eg hengt ut flagget, og så løsna skruen og flagget datt ned, Eg fann ein ny skrue og eit skrujern, men eg må visst ha ein drill. Der er så mykje verktøy i garasjen, men ikkje alt er i orden. Vi skal ha ein dugnad på å kaste diverse ubrukelege saker, og no har vi fått plastkasser frå VØR til slikt bruk.Trur eg har 4 "Walkmen" som er kaputt, blant anna. Og mobilar, fotoapparat etc. Vi lever i eit overflodssamfunn, der det berre er kjøpe, bruke og kaste. Eg kom brått i hug Besten som sat og "tinda rive" på sine gamle dagar.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar