tirsdag, mai 01, 2018

Dagbok 2018: 1.mai


Klokka er 18.50, temperaturen er + 11 grader C. Det er overskya, men opplett, ikkje så fint som i går.
I dag hadde eg avtale med Margrete om at ho skulle hente meg, og så skulle vi "feire" 1.mai i lag i Volda. Lenge var det berre Nils som var med på desse markeringane, mens eg gjerne sat med skulearbeid på dagen. Men så begynte eg å vere med og siste åra samla vi oss i Volda, Nils og eg pluss Margrete og barna. I fjor var ikkje Nils og eg med, då var han på Ørstaheimen, men kom heim dagen etter.
Eg hadde lyst å halde fram med tradisjonen sjølv om han er borte. Han var medlem i SV i Ørsta i mange år, han var i kommunestyret og i styret på SV. Eg har aldri vore særleg aktiv politisk, mykje på grunn av yrket eg hadde. SV-folka møtte mannsterkt opp i gravferda til Nils og i deg møtte eg mange av dei att i Volda. Dei har vore Nils sine vener, men også mine. Gode og omsorgsfulle personar.
Det er alltid kjekt på desse samkomene på samfunnshuset i Volda, med Ap og SV-folk i "Skjønn forening".
Vi starta med å drikke kaffi og ete kake og prate med folk. Internasjonalen er eit must, den song vi ståande. Så var det ei dame som heldt tale for AP. Else May Botten heiter ho, og så følgde Petter Eide for SV. Det var gode talar og flinke talarar,  Eg skal ikkje referere alt dei sa, men eg var samd i alt som vart sagt. Margrete er med i kommunestyret i Volda, Amanda er SU-ar, Ingeborg (som er i Spania for tida) er AUF-ar og sjølv har eg stått på SV-lista som listefyll eit par gonger. Så vi følte oss heime alle.
Jorunn Marie Kvernberg spela fele og song, to unge jenter hadde ein appell om Amnesty og ei ung Ørstajente hadde ein politisk appell.
Det var eit veldig kjekt møte, og eg fekk helse på mange som eg kjenner, men ikkje har sett på lenge. Eg er bevisst på å komme meg ut blant folk igjen etter å ha vore bunden så lenge. (Det var også eit val eg gjorde).
Det er også ein tradisjon  å ete middag på Kina-restauranten etterpå. Og ho kinadama som Nils og eg vart veldig godt kjende med der, spurde sjølvsagt etter han. Ho har hukommelse som ein elefant og hugsa at han var på sjukehus sist eg var der. Ho såg ut til å bli oppriktig lei seg då ho høyrde kva som hadde hendt.
Vi fekk nokre voldsomme porsjonar, men dei har skikkelig god mat der.
Så køyrde vi opp att med Amanda og var inn og helste på Ruth med det same.
Eg sette meg i godstolen då eg kom heim att, og jammen sovna eg litt.
Eg var blant dei første som hadde opp flagget i dag, og no skal det snart ned att. Dagen har gått fort.
Sjølv hadde eg ikkje kamera med, men eg har fått lov å bruke Margrete sine bilde.

Ingrid Oppedal var møteleiar.

Jorun Marie Kvernberget spela fele og song
Else May Botten -AP


Petter Eide-SV

2 kommentarer:

arieldog sa...

"Til dagsorden": den unge dama er 45. Berre for å ha nemnt det :)

Besta sa...

Det er ungt for for meg!!!!!!!! Eg kan ikkje sjå om folk er 25 eller 45.Kanskje eg kan legge til "relativt" slik eg plar gjere når eg er usikker.

Dagbok 2024: 1.mai

  Klokka er no 17.22, temperaturen ute er + 20  grader, og no skin sola igjen etter at det kom regn midt på dagen. Det har vel vore rimeleg ...