onsdag, mai 02, 2018

Dagbok 2018: 2.mai

I dag gratulerer vi Vebjørn med 12-årsdagen!Han er nest yngst av dei 11 barnebarna våre.
Hobbyen hans er basket-ball, og snart skal han til Gøteborg på turnering - eller kva det heiter.

Klokka er snart 19.00, og dagen i dag har gått som ein røyk, den også. Eg får aldri gjort så mykje som eg har tenkt, heller ikkje i dag.
Det er lurt å ha ein plan for dagen, det hadde eg for så vidt i dag. Første jobb var å avise fryseskapet i kjellaren, det har ikkje vore skikkelig attlate og der var enormt med is. Ved hjelp av ein vifteomn, ein hårfønar, varmt vatn og ein kniv fekk eg det "reint"-men det tok litt tid. Kaker som var litt over gjennomsnittsalderen fekk fuglane. Håper dei et godt og legg frå seg gjødsel til takk. Fekk vaska eit par kakeformer som eg kanskje kjem til å trenge no når eg skal bake litt til konfirmasjonen. Så rydda eg og støvsuga litt i kjellaren, før eg gjekk ut og sådde sukker-erter i fòra som eg hadde gjort klar.
Fekk også tid til å moppe over kjøkken- og badgolvet før Erlend ringde.
Margrete og eg rusla rundt på Amfi mens Erlend var til frisør og fekk klipt håret til konfirmasjonen. Margrete kjøpte seg litt klede, men eg skal ikkje kjøpe noko før eg har fått rydda opp i det eg har.
Eg trefte mange kjende i dag, som eg snakka med.Etterpå var vi på plantasjen og kjøpte litt mold og bork, blant anna, og så fekk eg handla mat på Coop Extra i Furene. No kan eg bake , for no har eg egg, det var det eg mangla mest.
Margrete leverte Erlend på Kaihuset, der han skulle ha speletime, før ho køyrde meg heim. Vi drakk kaffi og åt litt før Erlend var ferdig med "timen" og ringde til mora.
Eg er full av energi og tiltakslyst, eigentleg, men kjenner at eg må ta det litt roleg så ikkje kneet streikar igjen. Kjende det var vondt då eg måtte ned på kne for å få inn ein stikkontakt i kjellaren.
I dag er det 14 dagar sidan Nils døde, på ein måte kjennest det som om det er lenge sidan, sidan det har hendt så mykje i mellomtida, på den andre sida forstår eg ikkje at det har gått så lang tid.


Ingen kommentarer:

DAGBOK 2024: 16 MAI

Idag har maskina mi fått ein ny ide; når eg vil ha små bokstavar; så skriv no store ; og nåreg vil ha store så skriv ho små: Derfor må eg si...