Klokka har passert 18.00. Det er + 11 grader ute, og det er ikkje så varmt, så det freistar ikkje med hagearbeid. Eg har mykje å finne på inne, men likar å vere ute innimellom. Det har vore litt regn innimellom, så eg har ikkje vore ute.
I dag var eg effektiv frå morgonen av. Fekk laga to kaker til konfirmasjonen, shina opp kjøkkenet og lagt i hop ein klesvask, blant anna. Åt litt i15-tida og etterpå sette eg meg i godstolen og slappa av med lydbok, etter kvart kom også strikketøyet fram.
Fekk telefon frå ei venninne som ville komme på besøk, men fekk melding om at ho ikkje kunne komme likevel, ho måtte på eit møte som ho først hadde gløymt.
Det er ikkje så farleg, eg har nok å gjere både ute og inne, så sant eg får ånden over meg. Det som står først på programmet no er å lese ferdig lydboka eg held på med.
I morgon kjem Solveig innover ein tur, ho skal handle litt her, og så blir det vel ein tur fram på gravplassen. Dagane går fortare enn eg likar.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Dagbok 2026: 25.oktober
Eg trudde vi skulle stille klokka om kvelden,så eg levde i sommartida heilt til klokka var over 12, Eg var litt i tvil om det var søndag og...
-
Far i huset ønsker seg eit par skikkelige tova fiskarvottar som kan halde hendene varme i all slags ver. Eg har søkt på nettet etter oppskr...
-
Det er ikkje til å tru, men vi har strålande ver i dag også. Sola skin,det er berre lette skyer på himmelen og temperaturen er minus 3 grade...
-
Klokka er no snart 18.00, temperaturen 10-11 grader C, og det er framleis sol sjølv om det blir meir skyer etter kvart.Sidan eg har tatt b...
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar