lørdag, mars 03, 2018

Dagbok 2018: 3.mars

Klokka er no 22.30, temperaturen er minus 6 grader C og det har kome eit aldri så lite snøfjom på vegane. Eg kom heim for ca. eit kvarter sidan etter å ha brukt nokså lang tid på heimvegen. Det er vondt i kneet når eg skal gå-når eg sit i ro kjenner eg ingen ting.
I dag hadde eg heile føremiddagen heime, utan å ha så mykje eg måtte gjere. Det var litt uvant, men godt også. Då det leid på dag kom Margrete, vi prata og drakk kaffi før vi tok turen til Ørstaheimen. Rasmus ringde i mellomtida, så eg fekk ein prat med han også. Vi var innom Kiwi og handla litt, blant anna nye roser til Nils. Ville helst hatt raude, men dei kvite var friskast, det var nokså utplukka i dag.
Med det same vi kom inn til Nils såg eg at han hadde ein dårleg dag. Slikt anar eg med ein gong, for eg er vant til å teste dagsforma. Men vi fekk kaffi og kaker alle tre og prata ei stund før Margrete gjekk. Då "beordra" eg middagskvild, og Nils sov godt og lenge. Etterpå måtte han innrømme at han hadde hatt ei dårleg natt, han hadde visst verkt også, men ville ikkje ha tablett. Han har sine meiningar.
Etter at han hadde sove var han i bra form ei stund, han las avisa og vi såg TV. Han åt godt til kvelds, og drakk to koppar kakao+ eit glas melk. Då klokka var 21 fekk han dei siste tablettane, og eg hjelpte til med å få han på plass i senga. Då ville han sove igjen. Det er ikkje så oppløftande å besøke han når han ikkje er så bra, men slik er det, og ingen kan gjere han frisk. Så får vi vere glade for at han får godt stell der han er.

Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 6.mai

Klokka er no 17.24, og eg har avslutta dagens arbeid, trur eg. Eg veit ikkje kor lang arbeidsdag ein kan rekne med når ein er 84 . Temperatu...