søndag, mars 04, 2018

Dagbok 2018: 4.mars


Ingar fyller 8 år i dag og vi gratulerer.

Klokka er 22.20, temperaturen er minus 6 grader C og det har vore ein fin dag når det gjeld vêret. 
Elles er det kanskje ikkje så mykje å skryte av, men eg kom meg i alle fall heil heim i kveld også.
Men starten på dagen var heller smertefull, eg vakna relativt tidleg og verkte i heile kroppen. Greidde med møye og besvær å komme meg ut på kjøkkenet og ta tablettar før eg la meg inn att i senga med varmeteppet på. Andre gongen eg stod opp var eg litt betre, men eg går no her og haltar og dreg eine foten etter meg. Det einaste positive er at kneet ikkje verker når eg sit i ro-men då verker skuldra. Ja, eg skulle vel ikkje klage når det er andre som er verkeleg sjuke, men eg har vore så glad for at eg var frisk og rask oppi det heile. Føremiddagen gjekk med til ymseturar opp og ned kjellartrappa-fordi eg vaska klede. Elles vart ikkje mykje gjort.
Margrete og Svein kom oppom etter at dei hadde vore på UKM, for Margrete skulle ut på heimen og hente sjalet som ho gløymde i går, så då fekk eg sitte på med dei. Eg hadde avtalt med Marit, men den turen får eg ha til gode.
Nils såg litt betre ut i dag enn i går, men han er veldig slapp, så det vart ein lang middagslur i dag også. Då fekk eg lese ei heil plate av lydboka mi. Begynte på Levi Hendriksen si bok i dag, "Her hos de levende" heiter den, og han les sjølv!
Nils og eg såg litt TV i lag, men han blir fort trøytt. Han kunne hatt det betre om han tok Oxycodone, men dei tablettane vil han ikkje ta. 
Eg hadde ikkje planlagt korleis eg skulle komme meg heim att, trudde kanskje det dukka opp noko, viss ikkje kunne eg ringe etter Taxi. Men eg er så stirrig at eg begynte å gå - og det var låkt! Det er ikkje berre kneet som er vondt, men hofta og heile foten. Motebakkane går bra, men når eg skal inn Starevegen er det nedover! Eg skal innrømme at det var dumt av meg å ta sjansen- og det før eg har fått høyrt noko om kva dei har funne ut - og korleis eg ev. kan bli bra. Det var i grunnen nok med ein pasient i familien.No går eg med krykker !




Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 18.mai

Klokka er no 17.56 , ute er det overskya, opplett hittil og berre +16 grader, det var litt av ein overgang, og eg likar det ikkje. Og no er ...