fredag, mars 02, 2018

Dagbok 2018: 2.mars

Klokka er 22.50, temperaturen er minus 8 grader C og det har vore ein nydeleg dag med mykje sol. Eg set pris på sola sjølv om eg ikkje er så mykje ute, for den varmar godt opp huset. Eg er så syndig at eg ligg i senga til sola er komen, så slepp eg å kveike opp i omnen. Varmepumpa står sjølvsagt på.
Eg kom heim att frå heimen for mindre enn ein halv time sidan, men måtte innom facebook før eg kunne skrive.
I dag har eg gått begge vegar, det var litt problematisk å gå nedover, men heimover gjekk det heilt fint, sjølv om eg brukte litt lenger tid enn vanleg-det gjorde eg nedover også. Eg tek Paracet tre gonger for dag og det hjelper bra.
Trur Nils var glad for at eg kom og var der utover kvelden, han hadde sakna meg i går kveld, sa han.
Solveig kom også ein tur innover i kveld. Håkon og Birte reiste til Litauen i dag-på tur. Der er vel minst like kaldt der som her. Det er direktefly frå Vigra, for eg trur det er ein del litauarar som bur her i området.
På føremiddagen i dag vart det ikkje mykje gjort. Eg sette på eit par maskiner med klede og laga meg litt mat, det var stort sett alt. Eg var mest oppteken av at eg skulle kome meg ut på Heimen, og det gjekk heilt fint. Nils var ikkje i form då eg kom, han låg og sov. Så vekte eg han og han åt middag, og så hadde vi middagskvild i lag. Seinare såg vi TV og åt kveldsmat i lag. Så vi hadde ein god kveld.
No skal eg fyre opp litt og sjå litt TV-eg kan vere oppe så lenge eg vil.
God helg til alle!

Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 26.april

Klokka er no 16.30, temperaturen ute er +8 grader og no skin sola mellom skyene. Det er berre ei lita stund sidan eg kom att frå turen på Ve...