mandag, februar 05, 2018

Dagbok 2018: 5.februar

Klokka er no 13.30, temperaturen er + 5 grader C og sola skin. Bilda er tatt klokka 12.00, men eg har ikkje registrert at sola har vore  bak fjellet (Melshornet) , så då har vi sol heile dagen. Den varmar godt inne i stova.
Eg skal snart gjere meg klar og gå ut til Nils, men i dag trur eg at eg må ta ein omveg så eg får vere ute lenger.
Armen min var ikkje/er ikkje god i dg heller, men eg bestemte meg for å ikkje bry meg om den. Så fekk eg vaska fredagsvasken, som eg hoppa over før helga. Eg var så lei av å sjå på dei grusomme stuevindua, så eg vaska dei også, utvendig. Dei vart langt frå perfekte, men betre enn dei var i alle fall. Så har eg laga meg litt mat, for eg kjem ikkje heim før ut på kvelden ein gong. Nils har ikkje ringt heim i dag så eg veit ikkje korleis det er med han. Det er alltid littspennande å sjå dagsforma.
I morgon skal eg på styremøte i pensjonistlaget, og då har eg tenkt å prøve å få klipt meg-på Amfi for eksempel. Eg er mektig lei av å ha eit skjorareir på toppen.

Klokka 22.40: 0 grader C, opplett. Det er over ein time sidan eg kom heim, gjekk frå Heimen kl.21.10, men eg måtte sjå Farmen kjendis før eg blogga. Eg gjekk ut til Nils litt tidlegare enn vanleg i dag, derfor gikk eg tidlegare heim også. Nils var slapp og ikkje i form, men ringde etter at eg var komen heim og sa at han var mykje betre. Det var godt at eg fekk vite det før kvelden og natta kjem. No skal eg tømme oppvaskmaskina, finne meg litt mat osb. Sat og strikka litt mens eg såg TV,så kanskje armen kjem i form igjen.

Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 17.april

                Dette var pynten på "Vernet" i fjor. Det kjem vel ein likeins i år. Klokka er no 17.20, temperaturen ute er + 9 gr...