søndag, februar 04, 2018

Dagbok 2018: 4.februar

Klokka er 21.50, temperaturen + 1 grad og det er opplett. Det er 10 min. sidan eg kom att frå Heimen, gjekk litt tidlegare både ned og heim i dag enn det eg vanlegvis gjer. Nils hadde det bra, men var litt trøtt og slapp. Anna er ikkje å vente. Men somme dagar glimtar han til og då kjem det gode gamle humøret fram.
Om sundagane har dei tidlegare middag enn dei andre dagane, og dei får ikkje lunsj, men ettermiddagskaffi og kake. Det fekk eg også, og i dag var det god nøttekake med krem og pære. Nils får kvalmestillande tablettar tre gonger pr. dag, og då greier han å ete den maten han får. Det finst medisin for alt, men også "kvalmetablettane" blir ein søvnig av. I dag var det berre eg som var på besøk, så etter at vi hadde fått kaffi vart det ein liten middagslur på oss begge. Og før eg gjekk heim vart det barbering og tannpuss. Eg føler at eg gjer LITT nytte for meg, og det skulle no berre mangle.
Då eg la meg i går kveld hadde eg ikkje vondt i armen, så det var litt uventa at eg skulle verke såpass i dag. Men eg tok det med ro, i fall det er det som skal til. Vart også litt overraska over at det hadde kome snø sist natt, men heldigvis ikkje så mykje at eg måtte mòke med den låke armen. La i hop klesvask og surra rundt litt i dag også, til det var på tide å gå ut til Nils.
Det var fint å gå heim att i kveld, snøen hadde lagt seg på vegane oppå det som var att av is, så broddande hadde noko å bite tak i. I fjor vinter hadde eg på meg broddar ein gong, denne vinteren har eg brukt dei nesten kvar dag. No skal eg sjå resten av "Farmen kjendis", på opptak -og så må eg finne meg litt saltmat.

Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 30.april

 Klokka vart litt for mykje før eg kom så langt at eg skriv blogg, men eg skal fatte meg i kortheit. Det er no + 10 grader ute, for i dag ko...