onsdag, februar 21, 2018

Dagbok 2018: 21.februar

Klokka er 21.10, temperaturen er 0 grader C og det er opplett. Tidlegare i dag var det også streif av sol. Eg kom heim frå Ørstaheimen for eit kvarters tid sidan, var der ikkje så lenge i kveld, for Nils var trøytt og ville sove, så han fekk kveldstablettane ein time før tida. 
I snart to år har eg vandra ut og inn av sjukehus og sjukeheim, det har ikkje alltid vore lett, men det som har vore bra er at eg har vore så frisk sjølv. I mange år kunne eg knapt gå på grunn av ei vond hofte som ingen greidde å "helbrede". Men heilt sidan Nils vart dårleg, har eg vore bra. Til i dag. Då vakna eg med verkande hofte og var i tvil om eg kunne gå ned på kulturhuset å gjere klar til møtet. Til slutt bestemte eg meg for å prøve, og det var bra, for det var stort mannefall.
Sidan det er vinterferie er mange opptekne med barn og barnebarn, ei var blitt sjuk og hamna på sjukehus, så vi var tre som måtte ordne med alt. Og det gjekk heilt greitt, og Eli køyrde meg heim, så eg fekk kvile litt før eg skulle ned att på møtet. Då køyrde Stian Marit og meg i Marit sin bil, og Solveig henta oss etter møtet var slutt. Ho hadde besøkt Nils mens eg var på møte. Solveig vart med meg inn til ein kopp kaffi før ho køyrde meg ut på Heimen til Nils. Han var veldig slapp og trøytt, så han ville eigentleg helst legge seg å sove. Så eg hjelpte han med litt kveldsstell før eg gjekk heim i halv 9- tida.
Det var vondt i hofta, men eg greidde å gå. Då kom eg brått på at eg har vore utan gurkemeietablettar ei god stund. Så kanskje det er derfor eg har vondt. Skal kjøpe nye tablettar i morgon, så får vi sjå om det er dei som har hjelpt meg.
Mens eg gjekk innover Starevegen miste eg brodden på eine foten, den fann eg fort att, men merka at også den andre var borte. Eg snudde og leita eit stykke tilbake, men akkurat i dag hadde eg ikkje lommelykta med, så eg såg ingen ting. Dersom nokon finn ein brodd ytst i Starevegen eller i Storebakken, så kan det vere min. Eg orkar ikkje å leite etter den i kveld.
På bildet ser de Lions-koret som no skal skifte namn til "Ørsta mannskor", dei var og underheldt oss på pensjonistmøtet i kveld, med song og opplesing.

I dag er det kong Harald sin bursdag, men vi kan også gratulere "tantebarnet" Hilde Helen med dagen, og Henning på Eid har også bursdag. Henning er yngste barnebarnet til bror min, 14 år i dag! Og så kom der eit nytt tilskot til svigerinna mi si slekt. Han kom til verda på Førde sjukehus. I morgon fyller vårt nest eldste barnebarn, Audun, 28 år.OG så går det slag i slag med fødselsdagar heile første halvåret.

Ingen kommentarer:

Dagbok 2021: 23.juni

Klokka er 15.05, temperaturen ute er + 17 grader, men eg synest det er litt kaldt. Det er litt tidleg å skrive blogg, men eg hadde pause no...