tirsdag, februar 20, 2018

Dagbok 2018: 20.februar


Klokka er 12.10, temperaturen er + 4 grader C og sola skin gjennom ein tynt skylag, det er ikkje så klår himmel i dag som det var i går.
Hittil i dag har eg ikkje fått gjort stort anna enn å printe ut årsmeldingane til pensjonistmøtet i morgon. Fekk litt problem fordi eg trudde eg hadde for lite papir, men så fann eg nok likevel.
Men så snart eg nærmar meg datamaskina så går tida. MÅ liksom innom FB, og så er det eitt eller anna eg MÅ svare på og så går tida. Har forresten sett på ein klesvask etc. .Men det er lett for at eg blir gåande å surre når eg ikkje har faste planar. Det einaste er at eg skal ut til Nils når det lid på, og at eg må innom butikken, på vegen. Eg har ikkje høyrt frå han i dag; det er alltid ei spenning med å sjå korleis dagsforma er. I går var det ein bra dag-i dag veit eg ikkje enno.
Tok ein tur ut i hagen og såg på alt som eg skamklipte i fjor og på det som ikkje vart gjort. Vinteren kom litt brått og tidleg denne gongen. No får vi håpe på vår om ikkje altfor lenge. No skal eg sjå til å få "gjort" noko, på samme tid som eg skal rippe eit par bøker som Margrete kom med........

Klokka er22.00, temperaturen 0 grader C, og vêret er eit heilt anna enn før i dag, for no snøar det. Eg var på Heimen til klokka var ca.21.15 og fekk nesten sjokk då eg kom ut. Det var ikkje så lenge sidan eg hadde sett ut glaset og då var det nesten heilt bert. Men det gjekk fint å gå heim på snøføre, vegane har vore sanda så mange gonger at det var ikkje glatt. Då eg kom heim kom eg i hug at eg faktisk hadde broddane i veska.

I dag gjekk eg heimafrå litt før klokka 15, eg gjekk om Kiwi og kjøpte med meg frukt til Nils (og meg sjølv) Eg passar på at han alltid har frukt i kjøleskapet, og seier at han må be pleiarane om å ta fram viss han vil ha. Det gjer han sjølvsagt ikkje-så i dag sa eg ifrå om det sjølv. Han sit og tvingar i seg mat, så eg synest han fortener noko godt innimellom. Han var bra i dag, sa han, hadde ikkje vondt nokon stad, men han var sjølvsagt slapp. Noko som er positivt er at han høyrer betre enn han gjorde før.
Eg hjelpte til med litt kveldsstell, men når han får siste tablettane klokka 21, vil han helst at eg skal gå så han får sove. Det synest eg er veldig greitt-det hadde vore verre om han ikkje ville at eg skulle gå. Vi sov litt middag begge to-han sov ganske lenge. Så kom Kari G på ein kort visitt, og det var kjekt.
I morgon kjem Solveig innover ein tur, ho besøker Nils ei stund mens eg er på pensjonistmøte.

Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 28.mars. I dag fyller eg 84 år.

Klokka err no17.03, temperaturen ute er+ 10 grader, det er lettskya og fint  I dag har eg fått mange gratulasjonar på nettet -og elles. Eg s...