mandag, februar 19, 2018

Dagbok 2018: 19.februar

Klokka 9.00. Sol på Ose, men ikkje her.


Klokka 9.35, sol i stova- og ute.


Klokka er no 22.30. Ute er det stjerneklårt og minus 4 grader C. I dag stod eg opp til klår himmel, rim på alle tak og etter kvart kom sola. Inn i stova til oss kom den kl.9.35 og vart der til ho gjekk ned-men då var ikkje eg heime lenger.
Eg brukte føremiddagen til diverse husarbeid, mellom anna vaska eg badet og kjøkkenet. 
Margrete kom og sette av Ingeborg, før ho og Erlend køyrde ned i Vik så Erlend fekk klipt seg. Eg hadde laga sveler og kokt kaffi, så det vart enkel servering i dag. Då klokka nærma seg 16.00 køyrde vi ut til Ørstaheimen.
Eg var spent på korleis det var med Nils i dag, sidan han hadde vore så sløv i går. Men i dag var han relativt bra, han hadde ikkje måtta ta Oxycodone, og det er ein fordel. Faktisk har han hatt betre hørsel dei siste par dagane, og det er ein fordel når ein skal sjå TV i lag.
Etter at Margrete & co var reiste vart det middagskvild. Eg sovna med lydbok på øyret. Eg vart hos Nils heilt til klokka var nesten 22, men då var han trøtt. Summa summarum så har det vore ein god dag. No skal eg raide kjøleskapet og sjå om eg finn litt saltmat.

Valentin-roser på rommet til Nils



Ingen kommentarer:

Dagbok 2021: 29.juli :Olsok

Klokka er no 15.25, temperaturen er + 27 grader og det er lettskya. Det kan visst komme torden og regn etter kvart, men enno er det opplett....