torsdag, februar 22, 2018

Dagbok 2018: 22.februar



Her er Nils flankert av dei to eldste barnebarna. Audun til venstre.
Gratulerer med dagen, Audun!
Klokka er no 21. 50, temperaturen er minus 2 grader C og det har vore ein nydeleg dag med sol og fint vêr. Eg kom heim frå mi daglege vandring for mindre enn ein halvtime sidan. I mellomtida har eg sett ut bossdunken, kveikt i omnen og vore innom Facebook,  mellom anna.
Har vore ute på rek det meste av dagen, eller rek og rek.....
Rett etter frokost og morgonstell sette eg meg ved PC-en for å skrive referat frå møtet i går. Det var for så vidt greitt, men eg vart sittande å leite på data etter eit dikt eg ikkje fann......og då går tida. Eg vart dessverre ikkje heilt ferdig , så det blir å begynne på att i morgon
Eg hadde time hos legen klokka 13.30, men gjekk heimanfrå ein time før, for å ta ein omveg og leite etter broddane eg miste i går. Men eg kom likevel for tidleg til legesenteret. Ikkje fann eg broddane heller. Eg vart sittande å prate med ei dame eg kjende frå før, og ei som eg ikkje kjende. Det er slikt som skjer på dei fleste venterom.
Eg skulle fornye førarkortet, det var mitt ærend, og sidan eg hadde med skriv frå optikar slapp eg synstesten. Dei andre testane var latterleg enkle, men i følge legen er dei veldig avslørande for folk som har problem. Eg fekk førarkort for to år til, at det berre vart 2 hadde med alder å gjere, sa ho. Så no får eg kanskje begynne å køyre bil....?
Frå legen gjekk eg ned på Amfi der eg kjøpte nokre småting til meg sjølv. Og så måtte eg berre inn på Bunnpris og kjøpe salat. Eg sette meg på ein benk ute og åt opp middagen min!
Då eg kom opp til Nils låg han og sov, og vakna først då telefonen min ringde. Det var Margrete og tre "ungar" som var i Ørsta og ville sjå opp til Nils. Dei hadde vore på Staurset og kjøpt konfirmasjonsdress, med skjorte og slips til Erlend. Den måtte Nils få sjå. Han jobba i mange år hos Staurset då dei dreiv konfeksjonsfabrikk.
Nils var veldig trøtt og sløv i dag også, så "gjestane" vart ikkje lenge. Nils fekk i seg middagsmaten og så vart det middagslur på både han og meg. Og så vart det kveldsmat. Seinare kvikna han til ei stund mens vi såg "Familieekspedisjonen"-eit program som vi har følgt med på, og som vi har likt godt. Eg hjelpte til med litt kveldsstell, men gjekk i 21-tida.
No ser eg fram til å finne meg litt mat. Hadde kjøpt ein leverpostei som var så rar smak på, og då eg las på pakken så var den utan melk og gluten. 
I dag er det Audun sin 28-årsdag. Vi sende melding og han ringde tilbake. Det var eg som snakka med han, for Nils følte at han høyrde dårleg i dag-men det kom seg.

Ingen kommentarer: