onsdag, februar 14, 2018

Dagbok 2018: 14.februar, St. Valentins dag

Klokka er snart 21.30. Det er overskya, litt vind og + 5 grader C. Eg kom att frå Heimen for mindre enn eit kvarter sidan. Nils ville eg skulle gå, så han fekk sove. Men han bad meg seie ifrå til pleiarane at eg gjekk, då ser dei inn til han av og til. Det treng dei ikkje når eg er der. Eg spurde om han følte seg trygg og det gjorde han. Sjukepleiarane og hjelpepleiarane er berre heilt fantastiske både mot han og meg. Eg bur nesten meir der ute enn her.
Han har vore nokså stabil når det gjeld sjukdom, medisin etc. sidan han kom ut på Heimen, men siste tida har det gått nedover med han, ikkje fort men litt og litt.
I dag var han nokså sløv, for han hadde fått meir medisin enn vanleg. Han greidde ikkje å halde seg vaken lenge om gongen. Han fekk ikkje i seg mat etter at eg kom, men hadde ete litt til lunsj. Det minner om slik han var dei gongane han hadde infeksjon. Legen skal sjå til han i morgon, og finne ut om ho kan gjere noko med medisinen. I dag hadde han fått Oxycodone to gonger, og eg trur det var mykje derfor han var så trøtt. Når han er vaken, er han heilt klar i toppen, og det er no bra.
Med tanke på korleis han var i fjor vinter er det utruleg at han har fått så mange gode dagar etterpå.
Eg får ikkje gjort så mykje når eg går her åleine på føremiddagane og ikkje veit korleis han har det, så eg håper han er bra nok til å ringe heim i morgon.
I dag fekk eg i alle fall stroke og hengt opp att kjøkkengardinene, og så er det litt klesvask og diverse anna som må gjerast sjølv om eg bur åleine.
Fekk skrive ein liten notis til avisa innimellom. Ikkje noko litterært meisterverk akkurat. Før møtet neste onsdag må eg ha klar årsmeldinga for 2017. Den blir vel lik den i fjor - om lag.

Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 28.mars. I dag fyller eg 84 år.

Klokka err no17.03, temperaturen ute er+ 10 grader, det er lettskya og fint  I dag har eg fått mange gratulasjonar på nettet -og elles. Eg s...