tirsdag, februar 13, 2018

Dagbok 2018: 13.februar

Klokka er 21.50, temperaturen er + 4 grader og det blæs litt; ikkje så mykje her som lenger nede.( På føremiddagen var det +6 grader og sol.) Det er vel eit kvarter sidan eg kom heim, så eg har fått kveikt i omnen mellom anna - når eg kjem heim så tidleg på kveld vil eg ha det varmt sidan eg blir oppe ei stund. Mens eg sat ut på Heimen kom eg på at det var feitetirsdag i dag, og sidan eg hadde ein klatt rømmegraut i frysaren, står den no til tining i mikrobølgeovnen.
Når eg vaknar om morgonen har eg ikkje lyst å stå opp. Eg har ikkje noko som MÅ gjerast eller så mykje å sjå fram til. Men sidan ryggen må opp for å komme i form ,så kjem eg meg ut or senga i anstendig tid.
Det er lurt å legge planar, for då kjem ein i gang med noko. I dag skulle eg vaske rundt på benkar, flisar etc. og shine opp kjøkkenet. Men så kom eg på den tanken at eg like godt kunne ta tak og vegger også, så var det gjort. Når gamle kjerringar begynner å klatre på stolar og bord, kan det gå gale, men det gjekk heilt fint, og i morgon skal eg stryke og henge opp att gardinene. Det er planen!
Nils ringde heim rett etter at eg var ferdig med vaskinga og minte meg på at eg måtte bestille time hos lege og optiker, sidan eg må fornye sertifikatet . Eg ringde først til legesenteret og spurde om å få time hos fastlegen min før 11.mars- og eg sa kva det galdt. Nei, der var ingen ledig time-men ho skulle sjå om der var avbestillingar, og det var der, den 22.februar. Det var supert. Men så var det spørsmål om det var råd å få time til synsundersøking før den tid. Eg var innom butikken, men der var det fullbooka. Men kanskje det kom ei avbestilling? Ho fekk mobilnummeret mitt og etter at eg var komen opp på Heimen ringde ho og sa at eg kunne få komme den 16.februar. Det er ikkje obligatorisk med synstest før ein skal fornye sertifikatet, men vi har funne ut at ved å gjere det slik, slår ein to fluger i ein smekk, og så slepp ein synstest hos legen. Den 21.februar er det årsmøte i pensjonistlaget, så no får eg det travelt ei tid.
Eg var bra sliten då eg kom opp til Nils i dag. Først hadde eg vaska, så gjekk eg ned i Vik, og etter at eg hadde vore til Specsavers gjekk eg ein tur nedom Amfi før eg gjekk opp på Heimen. Eg går og går, men har gyldig sertifikat!
Nils hadde vore dårleg i dag også, men kom seg etter at han fekk Oxycodone, så han var i bra form då eg kom, og han åt opp nesten all middagen sin. Til lunsj hadde dei fått rømmegraut.
Eg hadde med clementinar og druer til han, han har alltid frukt i kjøleskapet sitt. Legen var innom i dag, ho ville sjå om ho kunne gjere noko meir med øyret hans, slik at han får hørselen tilbake. Når han seier at han er dårleg, vil det seie at han har vondt i ryggen, hofta eller andre stader, han har ikkje feber eller infeksjon. Legen meinte at han kan få meir Oxycodone når han venner seg til den. Eg gjekk frå Heimen ca. 21.15, då ville han sove. No skal eg sjå om grauten er tina.

Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: torsdag18.april

   Det er nokre år sidan dette bildet vart tatt på Hareid, med alle barnebarna i samme sofa Klokka er no16.56, temperaturen ute er + 10 grad...