lørdag, februar 10, 2018

Dagbok 2018: 10.februar

Bildet stal eg frå Margrete sin blogg. Eg kunne ha vedda på at veggene i restauranten bestod av murstein og sement. Eg måtte bort å kjenne på den før eg innsåg at det var tapet!

Klokka er 22.20 og det er eit kvarter sidan eg kom heim. Temperaturen ute er + 3grader C og det blæs aldri så lite. Isen smeltar på vegane og dei fleste er berre, men her i Starevegen har vi framleis is og sørpe.
I dag før middag ringde Nils heim og sa at han var skikkelig dårleg. Han trudde han hadde fått influensa. Så han ville ikkje ha besøk av andre enn meg i dag. No er både han og eg vaksinerte, men mange får sykja likevel. Eg syntest det var litt rart for der er ingen på Heimen som er sjuke, og eg har ikkje vore i kontakt med nokon som har den.(Eg har nesten isolert meg).
Eg vart sjølvsagt bekymra, men rekna med at han var i gode hender, så eg ville halde avtalen med Margrete. Vi skulle møtast på Amfi klokka 13-for eg ville gå nedover. Eg skulle handle eit par småting til meg sjølv, og Erlend skulle få seg ny skjorte. Vi rusla rundt på Amfi og eg fann det eg skulle ha, men så var det litt vanskeleg å bestemme seg for skjorte......så vi beslutta å ta turen opp til Staurset. Lenge sidan eg har vore der, men der var det jammen mykje-både varer og kundar. Dessverre har eg ikkje bruk for noko nytt akkurat no, men Erlend fann seg to skjorter som han var fornøgd med.
Morsdagsgåva frå Margrete var kafé-lunsj, og vi bestemte oss for Napoli. Der åt vi deilige store kebabrullar. Det er lenge sidan eg har vore SÅ mett.
Margrete køyrde meg opp til Heimen og det var ikkje med lett hjarte eg tok heisen opp i dag. Var veldig spent på kva som ville møte meg.
Men der låg mannen i tilsynelatande god form og såg på hopprenn på TV. Han hadde ikkje influensa, og takk for det, men han hadde vore elendig om morgonen og måtte få ein ekstra tablett. Så sovna han og vakna i bra form.
Han hadde fått middag før eg kom, det er andre rutiner på laurdag og sundag, men vi fekk kaffi og fastelavnsbolle. Til kveldsmat kom ho med 5 halve brødskiver og ei skål med pastasalat med kylling. Eg åt salaten, Nils åt alle brødskivene. 
Eg hjelpte til med kveldsstellet før eg gjekk heim klokka 21.45, då var Nils trøtt!
Eg spurde om han ville ha besøk i morgon-det var han ikkje så positiv til. MEG reknar han ikkje som besøk, så eg kan vere der så mykje eg vil.

1 kommentar:

Olaug OT sa...

No vart eg letta! Var redd morfar hadde fått noko sjukdom i kroppen.

Dagbok 2024: torsdag18.april

   Det er nokre år sidan dette bildet vart tatt på Hareid, med alle barnebarna i samme sofa Klokka er no16.56, temperaturen ute er + 10 grad...