lørdag, desember 02, 2017

Dagbok 2017: 2.desember

Klokka er 17.05, utetemperaturen er + 4 grader og det regnar. Temperaturen er eg for så vidt fornøgd med, men ikkje regnet. Det er berre slik at ein får ikkje komponere vêret sjølve-må ta det som kjem.
I dag ligg vi litt etter i løypa, vi har ikkje ete middag enno.
Nils ligg lenger og lenger utover føremiddagen, han har det best i senga, trur eg, og så vert han sø trøytt av all medisinen. Men no er han oppe og i bra form-takka vere oppkvikkande medisin.
Eg prøver å få gjort noko fornuftig dei timane eg er åleine. I dag har eg hengt opp litt julepynt, og nokre julegardiner som ikkje har vore i bruk på nokre år. Så skulle eg henge opp "juletreet" med lys på veggen ute, men det ville ikkje lyse, berre i små glimt. Eg så snart kva som var gale, leidningen inn til adapteren (transformatoren?) var så å seie heilt av. Eg lurte på om det gjekk an å reparere det, men Nils trur ikkje det. Eg let treet leve nokre dagar før det går i bosset. Har tenkt meg ned på Clas for å sjå kva som finst av brukbar pynt. Så langt har eg berre hengt opp ei lykt med te-lys inni. Nils har aldri vore tilhengar av all den julepyntinga, eg kunne godt tenkt meg noko meir, men det skal opp og det skal ned, og så er det leidningar etc.etc. 
I år pyntar eg ikkje til advent med lilla lys og dukar slik eg plar, eg går rett på jula og tek fram litt kvar dag. Det blir ikkje mykje baking, for vi blir her nok mest åleine-med korte besøk innimellom.
I dag ville Nils ha spekesild igjen, for han visste at eg hadde kjøpt to pakkar sist eg handla. Heilt greitt for meg, eg diggar spekesild, og den frosne eg kjøpte på Kiwi var ikkje så salt at vi vart tørste ein gong.
Men så var det nokre småting eg trong, i tillegg til at eg hadde lyst på ein tur ut. Det vart ein tur ned på Kiwi og to bæreposar heim. Eg kan lett få sitte på med både den eine og den andre, men eg likar å få meg ein gå-tur.
No driv eg og kokarkålrabi (rabbe) og skal lage stappe til silda. Nils likar det best, mens eg vil ha kålstuing. Så kan vi byte litt på det. Det blir middag i 18-tida.

Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 18.mai

Klokka er no 17.56 , ute er det overskya, opplett hittil og berre +16 grader, det var litt av ein overgang, og eg likar det ikkje. Og no er ...