fredag, desember 01, 2017

Dagbok 2017: 1.desember

Klokka er 17.45, temperaturen så vidt under 0 grader no. I dag tidleg var den minus 6 grader C..Det er meldt mildare vêr, så då blir det vel regn. Det har vore overskya opphaldsvêr i dag. Det er bekmørkt ute enda klokka ikkje er 18 enno. Eg venner meg visst aldri til desse mørke dagane.
I dag stod eg opp til vanleg tid, og det er ei lette å komme seg fram. Eg verker slik i ryggen før eg står opp og kjem i rørsle, då er eg bra på litt i underkant av no time.
Nils låg frampå, som vanleg, så eg sette i gang å bake. Ikkje julekaker, nei, men pizzabotnar. Seks pizzabotnar, halvsteikte, har eg no i frysaren. Kan komme vel med ein gong!
Nils stod no opp etter kvart, og då blir det å vere HBO+ "selskapsdame".  Vi åt, prata, såg litt TV etc. fram til Margrete og Amanda kom på besøk. Margrete hadde eksamen i dag, så no var ho letta. No har ho "berre" att å skrive masteroppgåva si, og der er ikkje noko tidspress på den.
Margrete og Amanda klatra opp på loftet vårt og tok ned julepynten, så i morgon må eg komme i gang med advents-pyntinga, med lys og stjerner. I år går eg rett på julepynten, bryr meg ikkje med å pynte med lilla først. Tida fram mot jul går så fort og kan brukast til meir nyttige syslar.
Det er ikkje så store endringar med Nils, den eine dagen er mykje lik den andre. Han tek tablettar, såpass han slepp så mykje smerter, men han blir slapp av all medisinen. Solveig plar komme innover kvar fredag, men i dag vart turen utsett til onsdag, då skal eg på pensjonistmøte, så kan ho besøke Nils imens. Han har ikkje noko imot å vere her åleine, men eg føler meg tryggare dersom her er nokon med han.
No er det fredag igjen og det er berre å ønske alle ei god helg. Vi kjem vel til å sjå TV utover kvelden. Eg var ikkje nedover og handla i dag, for eg hamstra bra i hop førre helg. Men kanskje eg tek ein liten tur på butikk i morgon ettermiddag, etter at Nils er oppe. Det er fint å ta seg ein liten spasertur ned på Kiwi.

Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 4.mai

Dette bildet er tatt i dag.  Klokka er no 17.23, temperaturen ute på trappa er + 22grader C, sola skin og det har ho gjort i heile dag. Kjem...