tirsdag, september 05, 2017

Dagbok 2017: 5.september

Klokka er 20.10, temperaturen er + 13 grader C og det har pøsregna i heile dag. Eg hadde diverse påbegynte prosjekt som eg hadde tenkt å fullføre før regnet kom, men då eg vakna i natt og høyrde regnet, måtte eg slå frå meg å få gjort det eg hadde tenkt.
Men eg er aldri arbeidslaus, så før middag fekk eg gjort litt kontorarbeid i tillegg til det vanlege husarbeidet. Til middag i dag hadde vi årets første fårikål, og det smakte himmelsk. Det er vel noko av det enklaste ein kan lage også, eg vil nesten påstå at retten lagar seg sjølv. Eg kjøpte lammekjøt då Solveig og eg handla på Bunnpris i går, og eg vil ikkje påstå at kjøttstykka var fine, men det var norsk lam og det smakte godt.
Ja, eg sneik meg ut ei lita stund også og klipte opp dei tjukke "stilkane "som eg hadde slengt frå meg på plenen i går. Det blir ein slags ved etter kvart. Likar å ha det ryddig rundt meg, og gjer så godt eg kan. No i kveld gjekk eg ut og rydda i klungerdungen som var att, sorterte det som skal malast opp i frå det som skal bli "ved". Dessuten fekk eg spylt og reingjort klipparen, så kanskje han sluttar å ryke.
Elles har eg fullført kjøkkenklut nr. 2 og kome godt i gang med nr.3.
Det har vore ein god dag fordi Nils har vore i bra form. Trur det hjelpte litt at han fekk ordna med førehandsrøysting. Han ringde sørviskontoret på rådhuset for nokre dagar sidan, og fekk til svar at han kunne ta taxi ned på Rådhuset og stemme. Men han er avhengig av rullator eller rullestol, så det er ikkje heilt enkelt. Så fekk han høyre at dei mange stader kjem heim til dei som er uføre, så han ringde ned att i dag. Då fekk han til svar at då måtte han gå inn på heimesida deira på data og søke om det. Ikkje alle sjuke 80-åringar er like flinke med data, men eg fann heller ikkje ut av det så raskt. Då ringde han direkte til fungerande rådmann som vi kjenner godt. Eg har hatt han som elev, Nils har jobba i lag med han  og mor hans var frå Eid. Då vart alt ordna og dei kjem heim til oss.
Fredag skal Nils til fastlegen, og no driv vi og undersøker om der er rullestolar(transportstolar) på legesenteret, slik som på sjukehuset, men det er der visst ikkje. Solfrid kreft-koordinator ville ta det opp, for ho tykte det var ein god ide å ha det.
Eg seier som eg har sagt så mange gonger at dette siste året (eller vel så det) har eg lært utruleg mykje. Ikkje minst om helsevesenet og eldreomsorga.Vi høyrer som regel berre om det som er gale, men jammen er det mykje bra også. Vi har ikkje grunn til å klage i alle fall.
Eirik ringde akkurat mens vi åt middag, så det vart ei heller kort samtale, men han hadde det bra og han hadde halde konsert, veit ikkje om han var åleine eller i lag med andre. Han likar seg i alle fall godt på skulen.

2 kommentarer:

Anonym sa...

Har dere ikke en hjelpemiddelsentral? Vi fikk rullestol på dagen når Rasmus brakk ankelen grundig.
Wenche

Besta sa...

Jo, Hjelpemiddelsentral har vi, og vi har fått mykje frå den, men det er ikkje snakk om rullestol til å ha her, men om rullestol som står på legesenteret til felles benyttelse inn og ut. Viss han skal ha rullestol til å bruke ute, og heime, må det vere ein som er meir avansert og god å sitte i. Transportstolar kallar dei rullestolane som vi brukar på sjukehuset, dei er ikkje gode å sitte i over tid. Men greie nok til å bli frakta i frå bilen og inn- og ut igjen.