lørdag, september 02, 2017

Dagbok 2017: 2.september

Klokka er 19.00 og det er sol og fint ute, det har det vore i heile dag. Temperaturen i skuggen er + 16 grader C.
I dag skulle Øystein og Håkon ha båten på land for reingjering.Vi rekna med at dei kom relativt tidleg sidan det var flo ca. kl.9.30. Eg plar stå opp klokka 8.00 kvar dag, men i dag sov eg til klokka var nesten 9. Det kom kanskje av at eg ikkje sovna før det leid langt på natt. Då eg såg ut glaset, såg eg at bilen til Håkon stod der, og båtvogna var vekk, men nummerskiltet stod att i garasjen. 
Ingen ting å gjere med det, vi åt frokost og oppførte oss som vanleg. Eg laga ei vaffelrøre, stort anna vart det ikkje tid til før dei kom att. Utan båt. Den hadde dei vaska på hamna og fått på sjøen igjen, så no håper vi at Håkon snart får napp.
Eg fekk Øystein til å skifte ei lyspære i gangen mens dei likevel var her. Eg plar seie at alle som kjem på besøk blir utnytta på ein eller annan måte.
Øystein hadde med seg ei lydbok som eg rippa mens dei var her. Eg var veldig glad for den, sidan eg sleit litt med den eg heldt på med. No skal eg lese Hoem. Og når eg er ferdig med lesteparet eg held på med skal eg strikke kjøkkenklutar til skulekjøkkenet på Hareid, Solveig sende garn og oppskrift. Gler meg til det.

Eg vart ikkje heilt ferdig med plenklippinga i går kveld, for klipparen begynte å ryke. I dag starta eg opp att, men etter ei lita stund rauk det igjen. Eg har sjekka oljen, eg har grave bort gras rundt kniven etc. så eg forstår ikkje kva som er gale. Eg tok fram den gamle elektriske klipparen og dei to lange skøyteledningane og fekk klipt ferdig. Den klipparen sviktar aldri, det som er aberet med den, er ledningane. Sidan eg likevel hadde ledningane ute, brukte eg kantklipparen også. Det er i grunnen det eg har gjort i dag-i tillegg til å steike vaflar. 
Margrete stod på stand i Volda og kom ein tur hit etterpå, så vi fekk sjå og beundre bilen. Eg fann ut at eg ikkje trong å fare på butikken-så det blei ingen tur.
Margrete hadde med seg restlageret av partiroser. Etter at vi vart att åleine tok eg ein tur ut og styrte litt, saga litt meir av skulpturen min, blant anna.
Nils har vore rimeleg bra i dag, men han plagast framleis med hofta og med magen. No bur vi oss på ein lang TV-kveld med song og dans




Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 21.mai

Klokka er no 17.32. Temperaturen ute er +25 grader C, og sola skin. I dag har det vore varmt heilt frå morgonen av, så vi var ikkje heilt be...