fredag, september 01, 2017

Dagbok 2017: 1.september

Klokka er 19.30, temperaturen er + 13 grader C, og i dag har det stort sett vore opplett. Litt har det vel regna?  No er det meldt betre vêr, men sommaren er uansett over for denne gongen. Dagane vert kortare og kveldane mørke, men det er ikkje så mykje å gjere med det.
I dag var Nils slapp på føremiddagen, slik han som oftast er, utover dagen kvikna han til. Som vanleg.
Eg var litt i tvil om kva eg skulle bruke dagen til-det er så altfor mykje å velje mellom. Litt husarbeid blir det alltid, og så rydda eg litt i hagen osb. 
Til middag laga eg gryterett med poteter til. Nils har ikkje så god appetitt som han hadde ei tid, men han får i seg nok-trur eg. 
Etter middag skulle han kvile; eg var trøtt sjølv, men om eg søv på dagtid kan det straffe seg når natta kjem. Derfor rusla eg ein tur ned på Kiwi og handla litt- ikkje meir enn at eg lett kunne bere det heim. Følte at eg trong litt mosjon. Eg har hatt problem med venstre hofta og foten sidan 2004, men i går greidde eg å renne meg på ei seng borte på sjukehuset, så no har eg mest vondt i høgre foten. Det er ikkje alvorleg-berre dumt, og ikkje så gale at det hemmar meg på nokon måte.
HBO-en kom klokka 16, og Nils fekk sprøyte, etterpå fekk vi kaffi og is begge to.

Eg har gått og sett på det lange graset, og venta på at det skulle bli tørt nok til å slå. I dag tok eg sjansen. Fekk klipt rundt huset og ovanfor garasjen, men så begynte det å ryke av klipparen. Det har hendt før, så eg tok ein pause mens den kjølte seg ned, men då eg starta opp att rauk det like gale. Naboen kom og såg på maskineriet, men heller ikkje han fann ut kva som feilte. No får klipparen stå i garasjen over natta og sjå om han tek til vitet.
I morgon skal Øystein og Håkon ta båten på land og vaske den. Så skal den på sjøen igjen. Nils drøymer enno om kald, kokt makrell-det har han ikkje fått i år. Men ikkje veit eg om her er makrell å få lenger.
No ventar vi på siste besøket av HBO i dag, og etterpå blir det kveldsmat. 
I dag var det ingen "Kakekrig" men det er no bra med program både fredag og laurdag. Margrete kjem ein tur i morgon, då blir det kanskje ein liten handletur i nyebilen.
Ønsker alle ei god helg.


Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 29.april

 Klokka er no 18.30, temperaturen ute er + 11 grader, det er mest overskya, men opplett og solstreif. I dag har Rasmus og eg vore heime ålei...