søndag, juni 25, 2017

Dagbok 2017: 25.juni


Klokka er 18.00, temperaturen er + 16 grader og i dag har vi hatt både sol, regn og vind. Akkurat no er sola framme.
Eg er oppe klokka 8.00 både helg og yrke så i dag fekk eg med meg ein vakker og solfylt morgon-måtte ut og ta bilde før HBO kom klokka 9.00.
Eg er eigentleg ingen morgonfugl, men må innrømme at ein får meir ut av dagane når ein kjem seg opp om morgonen. Sundagane brukar eg ikkje å jobbe så mykje ute, så då gjer eg heller litt husarbeid. I dag starta eg med å lage ei rabarbrakake etter samme oppskrift som eplekaka eg plar lage. Har ikkje smakt den, men den ser ok ut. Kakebaking er ikkje min favorittjobb, då likar eg betre å bake brød, og sidan kjøkkenet likevel måtte ryddast opp, laga eg like godt ein brøddeig, som etter kvart vart til 3 store brød. Nils skal jo ha mest mulig næring, og derfor er det lurt å bake brøda sjølv, så kan ein ha oppi litt anna enn mjøl og vatn.
Skrella poteter og gulrøter til middag og laga det meste klart før eg rydda og vaska litt på kjøkkenet.
Då var vi komne så langt at eg kunne sette fisken i ovnen, i dag vart det ovnsbakt ørret, den var like god som laksen, og både Nils og eg likte maten. Så vart det ei lita pause før HBO kom klokka 16.00. Det vart til at vi såg ein del sport på TV. Litt spesielt å sjå friidrett når det er ein gut frå Dimna og ei jente frå Ørsta med. Etter at sjukepleiaren hadde målt sukkeret og gitt Nils ei lita sprøyte, fekk han (og eg) krokan-is og kaffi.
Nils har vore bra i dag, men hofta er vond når han står eller går på foten. Han har stråla hofta ein gong og kreftlegen på Åse lova at han skulle få stråle ein gong til om det vart behov. Men no har vi ikkje meir med henne å gjere så vi lyt høyre kva legane her seier. Første gongen  han fekk stråling vart han heilt smertefri.
Eg er ikkje heilt god i hofta sjølv, men eg blir verst når eg er i ro. Eg har mykje eg kan styre med, men eg må no halde Nils med selskap også, og då har eg strikketøy. Akkurat no ser han fotball, så då kan eg gjere som eg vil; lurer på om eg skal ta meg ein tur ut .........
PS: Alle bilde som eg legg ut på bloggen bør dobbelklikkast for at dei skal bli bra.



Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 23.april

  Eg har ein plass på maskina der eg kan finne "gamle" bilde. Dette er ei av rosene mine, Leonardo da Vinci, trur eg. Eg har lese ...