lørdag, juni 24, 2017

Dagbok 2017: 24.juni

Hvis du eier tusen plommer
kan du leve hele året....

Klokka er17.30, temperaturen er + 14 grader C og det har stort sett vore opplett i dag, med unntak av ei regnbyge for ikkje lenge sidan.
Ikkje verst for oss, men eg tenkjer på ymse arrangement som går føre seg i desse tider-utandørs. På Eid har dei Elskhug og eksis, på Hareid er det "Under linda", landets minste poesifestival, i hagen til Solveig og Øystein.
Dagen i dag starta ikkje bra, Nils var elendig og i tillegg hadde han vondt i hofta. Men han fekk i seg både tablettar og mat før han sovna i stolen sin. Han sov lenge og vel og eg sette meg til å strikke for ikkje å bråke med andre ting, og for å ha eit auge med pasienten.
Heldigvis var han mykje betre då han vakna, då ville han dusje og barbere seg og ha på seg reine klede. Nytt smerteplaster fekk han også, det er visst kvar tredje dag. Legen vil at han skal klare seg med to prednisolon for dag, det har vi prøvd før, men måtte gå tilbake til tre. No har han gått nesten to veker med to, men i dag gav eg han ein ekstra. Eg trur han treng det! Eg har for så vidt fått løyve til det av fastlegen. Snakka med sjukepleiaren som var her klokka 16 og spurde henne kven vi eigentleg skal forholde oss til no. Er det fastlegen eller legen på sjukeheimen ?-vi er ikkje sikre. I helga er det uansett legevakta. Heldigvis vart det ikkje aktuelt i dag. No ser han fotballkamp og har det bra. Hofta plagar han, men han verker ikkje når han sit i ro.
Eg har gjort lite og ingen ting i dag, anna enn å vere sjukepleiar. Men eg måtte ut og ordne på prosjektet mitt ved postkassane. Der har vi liggande nokre steinar som vi skal stå på når det er vått. I går regna det så gale at eg grov ei grøft; i dag fann eg ein ekstra stein, og då eg skulle legge den på plass kom naboen og hjelpte til med utforminga. Eg var ikkje heilt nøgd med det ferdige resultatet, så no har eg vore ut og fiksa litt. Har som ei kjensle av at det ikkje er siste gongen. Vi har hatt mange liknande prosjekt gjennom åra, men då har Nils vore med og han er litt flinkare enn eg når det gjeld slikt arbeid..
Elles har eg hatt meg ein liten tur i hagen. Såg etter jordbær, men der var ingen modne. Nils spår at skjora kjem til å ete bæra etter kvart sidan vi ikkje har not over. DET klarer eg ikkje å lage til åleine, men eit fugleskremsel kan eg kanskje spikre i hop?
Korleis det går med plommene er nokså spennande, der er så mange plommer på trea, at dei kan ikkje bli verken modne eller gode. Viss dei ikkje dett ned av seg sjølv må vi vel til å tynne ut.

Og så har eg ein potetåker med ei potet! Vi kjøpte mandelpoteter frå Skjåk i fjor, og har hatt dei i heile vinter. Det har ikkje gått så mykje poteter denne tida, så dei har vart til denne tid. Dei siste var ganske mykje "ålar" på men fullt ut etande. Men eg fall for freistinga å grave ned EI potet nedst i bringebæråkeren. Hadde over ein spade med feit kompostjord, og skal seie poteta veks.(I alle fall lauvet) Angrar litt på at eg ikkje sette fleire.
Rosa Moyesi og valmuer frå Hildegard

Klokkebusk


Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: torsdag18.april

   Det er nokre år sidan dette bildet vart tatt på Hareid, med alle barnebarna i samme sofa Klokka er no16.56, temperaturen ute er + 10 grad...