onsdag, mai 31, 2017

Dagbok 2017: 31.mai

Klokka er 19.00, temperaturen ute er + 10 grader, det er lettskya og fint, men iskald nordavind.
Elles har denne dagen vore litt annleis enn dei fleste dagar. Eg kom i skade for å stå opp ein time for tidleg, men la med nedpå og sovna igjen. Den første HBO-en kom klokka 9.00 i staden for halv ti, men sidan vi begge var oppe og påkledde var det berre ein fordel. Nils skal måle sukkeret på fastande hjarte, så i dag slapp han å vente så lenge på frokosten. (Eg et frokost åleine før han er oppe.)
I går kveld fekk Nils ein trist beskjed. Då han gjekk på barneskulen var dei berre to gutar på same alderstrinnet, Nils og Sverre. Dei har halde kontakten i alle år, men i går kom bodet om at Sverre var død.
Eg hadde avtale med Anne Elise om at eg skulle få vere med henne ned og handle i dag. Det var særleg blomster til kassene eg var ute etter. Vi var bort til Urke-gartnaren, og eg fekk tak i slike lobelia som eg vil ha, men i staden for geranium kjøpte eg nellikar i raudt og rosa. Eg fekk planta i kassene utpå ettermiddagen. 
Mat handla vi på Rema 1000, det er ein fin og ryddig butikk. Eigentleg var det ikkje så mykje eg trong, men eg plukkar alltid opp i eit par posar. Og så fekk eg sjå ein veldig spesiell orkidé som eg berre måtte ha. Dyr var den heller ikkje. Berre synd at eg braut av ei grein på ein av dei gamle orkidéane då eg skulle ha den nye på plass. Ei grein full av knoppar.
Vi fekk besøk av ei av naboane etter at eg kom heim, og vi sat og prata til det var på tide å lage middag. I dag vart det røykt skinke med poteter, broccoli og bernaise. Nils var fornøgd med det. Etterpå sovna vi i kvar vår stol. Naboen kom ein snartur tilbake med "kanel i svingane" som ho hadde laga, så det vart eit kaloririkt kaffimåltid også. Eg berre kjende kor kaloriane sette seg fast, så eg hadde berre ein ting å gjere: Klippe plen! Eg klipte bio i heile skråninga. Det gjekk ikkje heilt glatt for mosen har losna og graset var fuktig. Klipparen stoppa av seg sjølv nokre gonger, men eg fekk den i gang igjen. Eg må nok fare over med oppsamlar-eller så må eg rake. Men eg likar slikt arbeid betre enn å stå å rive eføy av mur.
Det er ikkje så stor skilnad på forma til Nils frå dag til dag. Han er litt utslått nokre timar etter at han har fått morgontablettane, men så kjem han seg. Vi et middag i 14-tida, og etter den tid går det bra. På grunn av medisintidene prøver vi å halde oss til nokså faste måltid, særleg middag. I kveld kjem naboen Torbjørn ein tur ein tur, det set Nils pris på. Han sit elles i stolen sin og ser TV mykje av tida.
Dei ringde frå biblioteket i dag med tilbod på tre bøker eg kunne få låne(lydbøker).Eg bad dei sende dei med Jann, kulturhussjefen, som bur rett over gata. Snakk om sørvis. Eg held framleis på med den 18 CD-lange boka, det går ikkje fort når ein les berre nokre minutt kvar dag. Eg er komen til plate nr.10. Men eg likar å ha nokre bøker liggande på maskina, så eg har litt å ta av.



2 kommentarer:

arieldog sa...

Kjempefin orkidé!

Besta sa...

den er kjøpt på REMA 1000-dei har mykje fine blomster der, både bukettar og potteplantar.

Dagbok 2024: 16.april

  Dette bildet er frå i fjor, men trappa ser likeins ut i dag og eg har gått dei 43 trinna i dag også. Klokka er no 16.04, temperaturen er +...