torsdag, desember 31, 2015
Dagbok 2015: 31.desember
Klokka er snart 17.30 og vi har bestemt middagen til klokka 18.00. I dag blir det svineribbe. Den har stått i omnen i mange timar, men eg har att å poppe opp svoren. Det gjer eg under grillen.Nils og eg er "åleine" heime, men ein er ikkje åleine så lenge ein er to. Vi slappar av og kosar oss på vår måte.
At vi går inn i eit nytt år ved midnatt vil vel ikkje endre på så mykje i første omgang, og kva året elles vil bringe er det ingen som veit. Vi får håpe på det beste. Mest av alt vonar vi vel at det skal bli fred i verda.
Ute er det + 9 grader C og opplett. Og då må eg tenke på alle dei gnallkalde nyttårsaftane vi har opplevd. Hugsar spesielt nokre vintrar på Melle som var veldig kalde.
I dag har vi gjort lite og ingen ting, eg har stulla litt i huset og Nils har spyla bilen. Vi valde å ikkje fare nedover i dag, reknar med at der var mykje folk- og vi triong ingen ting. Lever lenge på det som vart kjøpt inn til jul.
Så vil eg på vegner av Nils og meg sjølv ønske alle ei fin nyttårsfeiring og alt godt i det nye året.
GODT NYTT ÅR !
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Dagbok 2026:14, september
Klokka er no17.40, Ute er det litt regn og +13 graderC- så eg held meg inne. Eg har ein liten arbeidsplass her på kjøkkenbordet. Og her har ...
-
Far i huset ønsker seg eit par skikkelige tova fiskarvottar som kan halde hendene varme i all slags ver. Eg har søkt på nettet etter oppskr...
-
Det er ikkje til å tru, men vi har strålande ver i dag også. Sola skin,det er berre lette skyer på himmelen og temperaturen er minus 3 grade...
-
Klokka er no snart 18.00, temperaturen 10-11 grader C, og det er framleis sol sjølv om det blir meir skyer etter kvart.Sidan eg har tatt b...
3 kommentarer:
Godt nytt år!
Me helsar frå Høybåtenveien 126, me har fått tradisjonsmat av beste sort - sauderibbe ++++ og så får me intensivopplæring i bruk av smart-telefon - eit
nyttig instrument som det tek tid å lære seg, men nyttig, ikkje minst når ein er på reisefot - ME TAKKAR FOR GAMLEÅRET OG YNSKJER OSS ALLE EIT GODT NYTT ÅR.
BESTE HELSING Marit og orbjørn
Godt Nytt år!
Legg inn en kommentar